NRK Meny
Normal

Ein til lege og to i arrest etter russedåp

Ein tenåringsgut vart onsdag kveld send til legesjekk etter at han vart slått til i Florø.

Russ 2008

ILLUSTRASJON: Ein person vart send til lege og to i arrest etter slåsting på ein russedåp i Florø i går kveld.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Politiet fekk i 22-tida onsdag kveld melding om lekamskrenking i Sørstrand Folkepark i Florø, der svartrussen var samla for russedåp.

Ein tenåringsgut var slått til, og vart send til lege for sjekk.

Politiet vart kjent med kven som hadde stått bak valden, og vel tre timar seinare, like før klokka 01 natt til torsdag vart to menn under 18 år arresterte og sett i arrest.

Det er oppretta sak på forholdet, og Flora politistasjon følgjer opp saka vidare.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.