Hopp til innhold

Ein svært skuffa lensmann, og ein nøgd

ÅRDAL (NRK): Lensmann Magne Knudsen i Årdal er svært skuffa over at politimeister Kaare Songstad ikkje har høyrt på deira argumentasjon for at det framleis skal vere lensmannskontor i industrikommunen.

Magne Knudsen

TRIST: Lensmannen fortel at han har vore langt nede etter han fekk vite om avgjerda

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

– Eg meiner at Årdal er rette staden, men når andre meiner noko anna får eg halde meg til det og gjere det beste ut av det, seier Magne Knudsen.

I dag kom tilrådinga frå politimeisteren i Vest politidistrikt: I framtida skal det vere lensmannskontor i Lærdal som dekker kommunane Årdal, Lærdal og Aurland.

Trass argumenta blir dei lagt ned

– Årdal er den største kommunen og er større enn Aurland og Lærdal til saman. Vi har eit lokale som er ferdig og trafikken på E16 kunne vi greitt handtere frå Årdal, seier Magne Knudsen.

Knudsen viser til at det i Årdal er to industrisamfunn, Årdalstangen og Øvre Årdal. Han argumenterer også med at Årdal har større utfordringar med tanke på ruskriminalitet.

Politikontoret har vore kjent med beskjeden i om lag ei veke og det har vore ein smådeprimert lensmann i Årdal den siste veka.

– Vi må sette oss ned og sjå korleis vi kan løyse dette i fellesskap. Vi må gå vidare, vi kan ikkje gå i kjellaren, seier Knudsen.

Skuffa årdølar

Marianne Vikøren

IKKJE BRA: Marianne Vikøren er skuffa.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK
Harald Dalaker

SKUFFANDE: Harald Dalaker er overraska og skuffa.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK
Torstein Egil Kvam

UTRYGG: Torstein Egil Kvam meiner nedlegginga kan gå utover tryggleiken i Årdal.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Dei NRK møtte på gata i Årdal er tydeleg skuffa over avgjerda, og meiner det vil gå på tryggleiken laus.

– Det er ikkje bra i heile teke. Då vil det ta lengre tid om ein treng politiet. Det hadde eg ikkje trudd. Vi er ei lita bygd og treng politi, seier Marianne Vikøren.

– Eg hadde rekna med kontoret skulle få vere. Nærleiken til eit slik kontor er veldig viktig, seier Harald Dalaker.

– Eg meiner det blir litt feil når vi har meir enn dobbelt så mange innbyggarar enn det er i Lærdal. Vi er rolege folk, men skjer det noko er det heilt klart at det er for store avstandar. I enkelte tilfelle går det på tryggleiken. Eg ser mørkt på dette, seier Torstein Egil Kvam.

Medan Årdal fortviler, jublar lensmannen i Bremanger

I motsetnad til befolkninga i Årdal, er det ein letta lensmann i Bremanger.

– Eg er veldig glad på Bremanger sine vegne. Dette er positive signal, seier lensmann Espen Gulliksen i Bremanger.

Han har vore sterk motstandar av politireforma heile vegen, og er nøgd med signala frå politimeisteren.

Espen Gulliksen

NØGD: Han har vore imot reforma heile vegen, og trur dette er det beste for Bremanger.

Foto: Maria Pile Svåsand

– Reforma ville gitt harde utslag i Bremanger. Vi ligg der vi ligg og verken geografi eller infrastruktur får vi gjort noko særleg med. Eg trur ikkje det blir så store endringar for vår del, og det er bra nok for oss, seier han.