Hopp til innhold

Ein skuledag med sterke kjensler

SOGNDAL (NRK): Om tre dagar blir verdsdagen for sjølvmordsførebygging markert over heile verda. Måndag fekk elevar ved Sogndal vidaregåande skule høyre sterke historier frå folk som har mista nære og kjære på denne måten.

Kari Takle Sanden og Live Høyvik Blikra

STERK KOST: Kari Takle Sanden (til venstre) og Live Høyvik Blikra frå Lærdal tykte det var sterkt å høyre historia til nokon som har mista nære menneske som har teke sjølvmord.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

– Eg sitt igjen med ei vond kjensle i magen av at ho har gått gjennom noko så vondt der ho ikkje kjenner seg tilstrekkeleg nok til å kunne hjelpe søstera før ho klarte å ta livet sitt, fortel Live Høyvik Blikra frå Lærdal som går tredje året på allmennlinja ved Sogndal vidaregåande skule.

Der fekk ho og fleire elevar servert sterke historier frå folk som har mista nokon dei er glad. Organisasjonen LEVE, som jobbar for å førebygge sjølvmord, stod bak arrangementet.

– Det var veldig trist, men det var bra å ha med ei slik historie når dei har om slike ting, slik at det vert sett meir i perspektiv. Det var veldig sterkt, seier Kari Takle Sande som også er frå Lærdal.

Søstera tok livet av seg

Historia dei to venninnene snakkar om kom frå Marthe Mathisen, som for tre år sidan opplevde at veslesøstera ikkje ønskte å leve meir.

– Eg vil formidle at det blir betre, og at det alltid finst håp, uansett kor tungt livet måtte kjennest, så kan det bli betre, seier ho.

Mellom 500 og 600 personar tek livet sitt kvart år i Norge. Det er eitt til to menneske kvar dag.

Marthe Mathisen i LEVE

DELTE HISTORIA SI: Marthe Mathisen fortalde ei sterk historie frå sitt eige liv då organisasjonen LEVE vitja Sogndal vidaregåande skule.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

– Det er mange menneske, og det er også mange menneske som blir råka i etterkant. Samstundes er det kvar einaste dag mange menneske som prøvar å ta livet sitt, så det er eit stort samfunnsproblem, seier Mathisen.

– Folk må ikkje vere redde for å spørje

Ho meiner det er viktig å fortelje hennar historie for å skape eit bilete av sorga i etterkant av eit sjølvmord. Ho ønskjer at folk skal tore å spørje andre om dei har tenkt å ta livet sitt.

Stearinlys

TENDE LYS: Elevane tende lys for nokon dei sakna på oppfordring frå Marthe Mathisen.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

– Det er mange menneske som er redde for desse spørsmåla, men vi veit at det ikkje vil utløyse større fare for at dei vil ta livet sitt, heller det motsette, seier ho.

Ho meiner det er viktig å ha fokus på at det ikkje berre er kroppen som har varierande helse, men også psyken. Og sjølv om mørket kan kjennast overveldande, forsikrar ho om at det blir betre, men ein treng ikkje takle det åleine.

– Søk hjelp, snakk om det, sett ord på det, skriv, grin, lat kjenslene som er der få plass til å komme ut. I staden for å prøve å trykke alt vekk og setje på ein fasade, så er det noko med å vere ærleg om korleis livet eigentleg er og vere ærleg med seg sjølv. Det er ikkje slik at vi skal takle alt åleine. Vi treng kvarandre, seier ho.