Hopp til innhold

Ein skadd etter påkøyrsle på Hydro i Årdal

Ein person er skadd etter ei påkøyrsle inne i ein av hallane på Hydro sitt anlegg i Øvre Årdal. Den skadde er flogen til sjukehuset i Førde.

Hydro Årdal metallverk 2016

ULUKKE: For andre gang på under to døgn har det vore ei arbeidsulukke i Årdal.

Foto: Kjell Arvid Stølen

Politiet fekk melding om ulukka like etter klokka 17 fredag ettermiddag. Ambulanse og politi var raskt sende til staden.

Det skal gå bra med personen som er påkøyrt, ifølgje politiet. Ulukka skjedde inne i ein av hallane på anlegget. Personen vart påkøyrd av ei arbeidsmaskin. Begge dei som var involvert var på arbeid på Hydro sitt anlegg.

Helse Førde AMK melde fredag ettermiddag klokka 17.05 om ei arbeidsulykke i Årdal kommune. Politiet stadfesta klokka 17.14 at det var snakk om ei trafikkulukke på Hydro sitt område der ein person var påkøyrd.

Vil lære av ulukkene

Det er under to døgn sidan førre gang det skjedde ei alvorleg ulukke på Hydro sitt anlegg. Den gong på karbonverket på Årdalstangen.

Halvor Molland

UROA: Vi er uroa over dei hendingane som har skjedd i Årdal den siste tida seier informasjonsdirektør i Hydro, Halvor Molland.

Foto: Nina L. Dauge / NRK

– Dei to hendingane vi har hatt på Hydro no er to hendingar for mykje. Vi vil no undersøkje desse hendingane for å ta den lærdommen vi kan, slik at vi kan jobbe meir målretta for at slike hendingar ikkje skal skje igjen, seier informasjonsdirektør i Hydro, Halvor Molland.

Han seier at bedrifta jobbar målretta og langsiktig med sikkerheitsarbeid, men at dei likevel ikkje kan unngå ulukker heilt. Trass i at det har skjedd to ulukker på to dagar meiner han at deira rutinar er gode nok.

– Vi har gode nok tryggleiksrutinar. Dei to hendingane er ikkje relaterte til kvarandre og det er slik sett tilfeldig at desse to hendingane skjedde no, seier Molland.

Han fortel at den øvste leiinga i Hydro har vore i Årdal etter hendinga natt til torsdag for å snakke med leiarar, tilsette og fagforeiningsleiarar.

– Det er ingen tvil om at dette er noko som vi tar på alvor, seier Molland.

Arbeidsulukke på Hydro sitt område i Øvre Årdal