Hopp til innhold

Ein redda ut frå brann i leilegheit

Ein person er teken hand om av helsepersonell etter ein brann i ei leilegheit i Lærdal.

Ein person vart redda ut frå ei leilegheit i Lærdal.

BRANN: Søndag byrja det å brenne i ei leilegheit i den verna delen av Lærdal sentrum.

Foto: Jan Christian Jerving

– Brannen er sløkt, og vi driv utlufting av leilegheita, seier Kolbjørn Øvrebotten hjå Alarmsentralen.

Det var ein person inne i leilegheita då det byrja brenne, og han vart redda ut. Huset står i det verneverdige området på Lærdalsøyri.

– Det er alltid fare for at brannen skal spreie seg, men vi kom tidleg til staden, og brannen vart avgrensa til den leilegheita, seier Øvrebotten.

Årsaka til brannen er ukjend.

Søndag byrja det å brenne i ei leilegheit i den verna delen av Lærdal sentrum.

AUTOMATISK BRANNALRM: Brannmannskapane kom raskt til staden og hindra at brannen spreidde seg.

Foto: Jan Christian Jerving