Hopp til innhold

Ein person til sjukehus etter frontkollisjon

Ein person er sendt til sjukehus og tre andre til legevakt etter ein frontkollisjon i Naustdal.

Frammarsviktunnelen

Ulukka skjedde like utanfor Frammarsviktunnelen på fylkesveg 611 i Naustdal. Det var ei møteulukke mellom to personbilar og det var to personar i kvar bil.

Ifølgje politiet var det store materielle skadar på dei to bilane etter ulukka.

Helse Førde melder at ein person er sendt med ambulanse til Førde sentralsjukehus, medan dei tre andre er køyrt til legevakten.

Laster Twitter-innhold

– No er det oppryddingsarbeid på staden. Bilbergar er der og fjernar bilane, og vegen vil vere stengt så lenge berging av bilane held på, seier Frode Korneliussen ved alarmsentralen.