NRK Meny
Normal

Ein person til sjukehus etter å ha falle i vatnet

Ein person vart seint søndag kveld frakta til Førde sentralsjukehus med helikopter etter å ha vore i sjøen ved øya Silda i Måløy.

SeaKing Framfjorden

PÅ VEG: Eit helikopter vart sendt til øya Silda etter melding om at ein person hadde falle i vatnet. Arkivfoto.

Foto: Jostein Dale / NRK

Søndag kveld vart eit Seaking-helikopter sendt til øya Silda utanfor Måløy på eit redningsoppdrag.

– Vi vart bedne om å sende ein seaking av garde til eit oppdrag ved Silda av AMK-sentralen, fortel vakthavande Jan Lillebø ved Hovudredningssentralen ved Sola.

NRK får opplyst at det er ein person som skal ha falle over bord frå ein båt.

Like før midnatt søndag stadfestar hovudredningssentralen at det er ein person som er frakta til Førde sentralsjukehus med helikopter.

Det er uvisst kva som har skjedd eller kor stort skadeomfanget er.

Laster kart, vennligst vent...
Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.