Hopp til innhold

Fem personar redda ned frå fjellet med helikopter

Ein person brekte armen og vart henta ned frå fjellet i helikopter frå Bermålsnosi i Lærdal. Dette skjedde natt til laurdag.

Redda ned med helikopter

– Dei var på veg til ei hytte og ein person datt og brekte armen. Då måtte dei få hjelp ned att, seier Bengt Næss som er operasjonsleiar ved operasjonssentralen i Florø.

Alarmsentralen fekk melding om frå fem personar som var på skitur over rv. 53, og at ein ifølge hadde skada armen. Alle fem vart henta ned frå fjellet og personen som skada armen vart sendt til legevakta i Lærdal. Dei fire andre var i god behald, melder politiet.

Fyll og slåstkampar

Politiet i fylket har hatt sitt å stri med natt til laurdag. Verst var det i Sogndal, der ein person vart sendt til legesjekk etter bråk utanfor eit gatekjøkken i sentrum.

Politiet melder på Twitter at dei har tatt opplysningar om dei involverte og vil følge opp saka.

Laster Twitter-innhold

Også i Stryn var det amper stemning, der på ein serveringsstad. Men dei to personane ordna opp og reiste kvar til sitt før politiet kom til staden.

Og i Florø vart ein person meld for urinering på offentleg stad. Det kan bety bot på om lag 4000 kroner.

Laster Twitter-innhold

Ein bilførar fekk gebyr for ikkje å ha med seg førarkortet, under ein kontroll på Loftesnesburi i Sogndal. Dei 19 andre kontrollerte kom seg gjennom kontrollen utan åtvaringar frå politiet.