– To bilar er involvert i eit trafikkuhell i Sande sentrum, opplyser Olaug Holme ved politiet sin operasjonssentral i Florø like etter hendinga.
Politiet fekk meldinga klokka 08.30 om at to bilar skal ha kollidert. Det skal vere ein person i kvar bil. Trafikkuhellet skjedde i samband med inn og utkøyring i krysset mellom E39 og fylkesveg 610 i retning Viksdalen.
– Den eine føraren, ei kvinne, er sendt til legevakta i Førde. Det skal ikkje vere alvorleg, seier Holme som legg til at det ikkje skal vere mistanke om rus.
Vegen opp til Viksdalen var ei stund stengt av, i tillegg var den eine køyrebana sperra. No skal vegen vere opna att. Saka vert etterforska vidare av Førde og Naustdal lensmannskontor.