To bilar frontkolliderte

Tre personar blei sende med ambulanse til lege etter ei trafikkulukke i Lavik i Høyanger kommune.

ULUKKE: Samanstøyten har skjedd på fv 5653 ved Laviksdalen, like nord for Lavik.

– Ulukka har skjedd oppover dalen frå Lavik, og det er to bilar som har kollidert front mot front, seier operasjonsleiar Bjarte Rebnord i Vest politidistrikt.

Alle naudetatane rykte ut til ulukka.

– Ingen blei fastklemde, men det skal ha vore problem med å få eine døra opp, seier han.

Det var til saman tre personar i bilane.

– Alle personane blei frakta vekk med ambulanse, seier operasjonsleiar Dan Erik Johannessen.

Vegen var stengd, men er no open for trafikk, melder Statens vegvesen.