Hopp til innhold

Ein person skadd i raftingulukke

Luftambulanse, ambulanse og lege har rykte fredag ettermiddag ut til ei raftingulukke i Jostedalen. Ei 16 år gamal jente ligg i kveld lettare skadd på vanleg avdeling på Førde sentralsjukehus etter ulukka, melder AMK fredag kveld.

Raftingbåt i Jostedalen
Foto: Aleksander Brun

Ulukka skal ha skjedd i Jostedøla, og ei 16 år gamal jente vart skadd. Det var raftingselskapet som arrangerte turen i Jostedøla, og eigaren Andy Cullens fortel at jenta fall i elva då båten velta.

– Ei 16 år gamal norsk jente fall uti, men ho heldt seg fast i båten, og guiden fekk båten på rett kjøl og hjelpte henne oppi igjen. Vi fullførde turen, men då ho kom i bilen vart ho uvel og svima av.

Jenta kom til medvit, men svima av ein gong til, og då ringde dei etter ambulanse.

– Den kom veldig kjapt frå Gaupne, og før dei var ferdige med å ta seg av jenta, kom luftambulansen og kunne ta henne med til Førde sentralsjukehus.

Vedkomande skal vere på land, stadfesta vakthavande ved AMK kring klokka 12.35. Då var luftambulanse, ambulanse og lege på veg til ulukkesstaden.

– Kjenner meg ansvarleg

Ifølgje politiet skal ulukka ha skjedd kring fem kilometer frå Jostedal Hotell mot Nigardsbreen. Det var til saman fem personar om bord i båten.

Foreldra til jenta var på staden, og ifylgje Cullens tok dei det på typisk norsk måte: Veldig roleg. Sjølv var han litt skaka av opplevinga.

– Det var ei uheldig ny erfaring for meg, eg kjenner meg ansvarleg for jenta, og eg håpar det går bra med henne.

Ambulanse i Jostedalen

TIL SJUKEHUS: Ambulansen på plass i Jostedalen. Den skadde vart send med Luftambulansen til Førde.

Foto: Aleksander Brun