Hopp til innhold

Skada person frakta vekk med luftambulanse

Ei kvinne i 50-åra vart sendt til Førde sentralsjukehus med luftambulanse etter ei bilulukke i Hyllestad. Vegvesenet åtvarar mot svært varierande føre i ytre strøk.

Ulukke Salbu Hyllestad

BILBERGING: Bilberging er på staden eit par timar etter ulukka for å ta seg av bilen. Ein person er skadd etter ulukka.

Foto: NRK-tipsar

SISTE: Helse Førde opplyser i ettermiddag at dei fire involverte er lettare skadde etter ulukka. Familien på fire består av ein mann og ei kvinne, begge på 50 år, ei jente på 16 år og ein gut på 12 år. Kvinna ligg til observasjon.

– Ein personbil køyrde av vegen og trefte ein bergvegg. Ein person er frakta til Førde sentralsjukehus med luftambulanse og tre andre er frakta med ambulanse for å bli sjekka for skader, seier operasjonsleiar hjå politiet i Sogn og Fjordane.

Ulukka skjedde på fylkesveg 607 ved Salbu i Hyllestad kommune.

– Svinglatt på staden

Alle naudetatane rykte ut då meldinga kom klokka 09.10. Det var fire personar i bilen, og Gulliksen opplyser at dei fire er ein familie.

Det er truleg glatt føre som har ført til ulukka. Det er ikkje mistanke om promille.

– Vi har hatt telefonisk kontakt med føraren av bilen, som seier at det er svinglatt på staden. Det er heilt såpe, seier Gulliksen.

Politiet brukte lang tid på å kome fram til staden, grunna avstand og føreforhold, opplyser han. Vegvesenet er varsla, og skal strø i området.

Vegvesenet: – Folk må ta veldig omsyn til føre

Jan Erikstad ved Vegtrafikksentralen opplyser at han har vore i kontakt med entreprenørane frå Hyllestad, til Flora, til Svelgen og Måløy. Det spesielle denne laurdags føremiddagen er at føret kan variere veldig på korte avstandar.

– Det er svært varierande føreforhold i ytre strøk. Det er delvis regn, delvis frost og delvis snø. Det kan variere veldig, så folk må ta veldig omsyn.

Han opplyser at meldingane tyder på at det kan bli glatt mange stader i løpet av dagen.

– Dette kan bli utfordrande utover dagen. Folk må vere observante, seier Erikstad.

hyllestad