Hopp til innhold

Ein person sendt til akuttmottak etter ulukke i Gaular

Ein bil gjekk rundt i trafikkulukke i Båtevika i Gaular kommune. Ein person er sendt til akuttmottak og ein til legevakt.

ulukke

Ein person blei dimittert av helsepersonell på staden, medan to andre blei sendt i ambulanse, den eine til akuttmottak.

Politiet veit ikkje noko om skadeomfanget enno.

Laster Twitter-innhold

Ulukka skjedde litt før klokka 13 i dag. Totalt var to personbilar involvert i ulukka. Den eine bilen skal ha køyrt inn i bakparten på den andre og den eine bilen gjekk rundt.

– Den bakarste bilen var den som gjekk rundt, seier operasjonsleiar Marianne Føleide hos politiet.

Laster Twitter-innhold