Hopp til innhold

Kvinne i 70-åra kritisk skadd etter utforkøyring

To kvinner vart tysdag ettermiddag sende til sjukehus etter ei utforkøyring like ved Innvik på riksveg 60.

Hildaneset

Ei kvinne i 70-åra var send til Førde sentralsjukehus med luftambulanse, og tysdag kveld melder politiet at kvinna skal vere kritisk skadd, og at tilstanden er ustabil.

Bilen køyrde utfor vegen i ei 80-sone like før klokka 16.30. Ingen andre bilar var involverte. Føraren av bilen, ei kvinne i 60-åra, skal vere lettare skadd.

Ulukka skjedde nokre få kilometer frå Innvik i retning Olden, ved Hildeneset. Etter det vitne har fortalt politiet skal bilen ha køyrt rett fram i ei kurve, men årsaka er ukjend.

– Vi må få gjort avhøyr med dei involverte i ettertid, seier operasjonsleiar for politiet, Trond Hatlenes.

Vegen var stengd i nærare ein time før det vart opna for manuell dirigering. Kort tid etter klokka halv sju har bilbergar gjort seg ferdig på staden.

Trafikkulukke Innvik

ULUKKE: Riksveg 60 var i ein periode stengt i samband med ulukka. To personar vart sende til sjukehus.

Foto: NRK-tipsar