Hopp til innhold

Ein person send med luftambulanse etter ulukke

Ein bil med tre personar har køyrt av vegen i Bygstad. Alle tre er frakta til sjukehus.

Trafikkulukke i Bygstad.

ULUKKE: Det var tre personar i bilen som køyrde i ein stolpe i Bygstad. Alle er sende til sjukehus, ein av dei med luftambulanse.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

– Bilen har køyrt av vegen og treft ein stolpe. Den eine er send med luftambulanse til Førde sentralsjukehus. Dei to andre er sende til same stad med ambulanse, seier Marianne Føleide ved Vest politidistrikt.

Meldinga om ulukka kom 17.23, skriv Firda og det skal vere veldig glatt på staden. Ulukka har skjedd på fylkesveg 57 ved avkøyringa til den gamle skulen. Det er mogleg for trafikk å passere på staden.

– Politipatruljen er også framme, og også dei melder om at det er glatt. Vi har bedt om at vegvesenet rykkjer ut for å strø, seier Føleide.

Meldt om glatte vegar

Vegtrafikksentralen melde tidlegare onsdag om at det nokre stader i fylket er særs glatte vegar.

– Det hadde vore betre om det hadde regna skikkeleg, for då hadde det ikkje frose slik på. Det ser ut som det er bart, men så er det skikkeleg glatt, seier Ketil Molvær ved Vegtrafikksentralen.

Han opplyser om at entreprenørar er ute og saltar og strør om kvarandre for å hindre det glatte føret så godt råd.

– Det er fort gjort å feilvurdere, og folk må ta det med ro.