Hopp til innhold

Ein person lettare skadd etter møteulykke

To bilar i kollisjon i Kandal i Gloppen.

Kollisjon, Kandal

– Det har vore eit møteuhell mellom to bilar i Kandalen. Ein person ser ut til å vere lettare skadd, opplyser Wenke Hope hjå politiet sin operasjonssentral.

Politiet fekk melding om uhellet klokka 08.55. Til saman fire personar var i dei to bilane. Ulykka skjedde ved Nesbrua i Ytre Kandal. Både politi, brannvesen og ambulanse vart kalla ut til staden.

– Veit de noko om årsaka til ulykka?

– Vi har ikkje noko fleire detaljar, men det er smal veg på plassen. Den eine bilen har ikkje klart å stoppe når den møtte bil nummer to, seier Hope.

Det skal ikkje ha vore glatt på staden, og det er heller ikkje mistanke om rus.Vegen vert snart opna for fri ferdsel