NRK Meny
Normal

Ein person lagt inn på sjukehus etter trafikkulukke i Sogn

To personar var involvert i trafikkulukka på fylkesveg 55. Naudetatane er ferdige på staden

Laster kart, vennligst vent...

MELLOM SOGNDAL OG HAFSLO: To bilar har kollidert ved avkøyringa til Ølnes i Sogn.

Vi oppdaterer saka.

To personar var involvert i ulukka, ein mann i 30-åra og ei kvinne i 20-åra. AMK melder på Twitter at ein av dei blei sendt til legevakta og seinare innlegging på Førde sentralsjukehus.

Laster Twitter-innhold

Mannen som var blanda inn blei sjekka av ambulansepersonell og sendt heim igjen på staden.

Vegen var delvis stengd og brannvesenet spylte vegen for oljesøl. Naudetatane er reist igjen, og ein kan rekne med at trafikken går som normalt igjen, opplyser politiet.

Trafikkulukka har skjedd ved avkøyringa til Ølnes mellom Sogndal og Hafslo. AMK sende to ambulansar til staden.

Laster Twitter-innhold