Hopp til innhold

Ein person er sendt til sjukehus etter kollisjon

To bilar har kollidert i Hyen i Gloppen kommune. Ulukka skjedde då den eine bilen kom over i feil køyrefelt.

Trafikkulukke i Hyen

Politiet melder at ulukka skjedde på fylkesveg 615, eit par kilometer frå Hyen i retning Sandane.

Tre personar var involverte i ulukka. Den eine vart køyrt til sjukehus med sjokkskadar og smerter i brystet.

Ingen av bilane var køyrbare etter kollisjonen, begge trengde berging for å bli fjerna frå vegbana.

Det var uansett mogleg å passere og det skal ha vore lite trafikk på staden.