Hopp til innhold

Dramatisk brann: Mann måtte hive seg i naudflåten

Seglaren ante fred og ingen fare då det brått byrja å brenne kraftig i båten hans i natt. Han klarte å kaste seg i livbåten før seglbåten blei overtent.

Båtbrann

Båtbrannen starta då den 38 fot lange seglbåten låg ved Gulholmen, vest av Askrova i Flora.

– Vi fekk melding om at det brann i ein seglbåt klokka 4.38 seier Terje Magnussen som er operasjonsleiar ved Vest politidistrikt.

Mannen som var åleine om bord i ein 38 fot stor seglbåt. Han hadde då gått i ein naudflåten.

– Han opplyste at det var kraftig røyk om bord i båten, seier Magnussen.

Det var lite vind i området og ikkje bølger, og mannen hadde fått løyst flåten frå båten.

– Det har gått bra med mannen som er plukka opp av eit redningshelikopter og flytdd til Florø, der han får tilsyn av helse, seier Magnussen.

Overtent

Klokka 5.50 opplyser Hovudredningssentralen på Sola at det er usikkert om seglbåten kan bergast.

– For ein halvtime sidan fekk vi opplyst at båten var heilt overtent, seier Asbjørn Viste ved Hovudredningssentralen.

Han opplyser at manne som var om bord skal ha fått lettare skader.

– Det skal ikkje vere alvorleg. Vi hadde telefonkontakt med mannen heile tida. Etter at redningshelikopteret landa i Florø vart mannen frakta til sjukehus med ambulanse, seier Viste.

Usikkert om båten kan bergast

Ein båt med fire brannmannskap om bord jobbar no med å prøve å sløkke brannen.

– Klarar ein å sløkke brannen før båten søkk, noko som er høgst usikkert, kjem båten etter kvart til å verte slept til Florø.

Klokka 0740 opplyser Hovudredningsentralen at seglbåten har gått ned. Det er førebels ikkje klart kva som har vore årsak til brannen.