Hopp til innhold

Ein person alvorleg skadd etter angrep i heimen

Ein person er pågripen etter hendinga og ein person er frakta til sjukehuset i Førde med alvorlege skader.

Valdsepisode

Politiet i Florø rykte i 16-tida tysdag ut til ei adresse i Flora kommune, etter melding om at ein person har blitt alvorleg skadd i ein heim. Meldinga om hendinga kom ved 22.30-tida tysdag kveld.

Kjelder seier til NRK at det vart observert væpna politi i Flora i same tidsrom som politiet rykte ut.

NRK har vore i kontakt med politiet sin operasjonssentral i Florø, som ikkje vil kommentera om dei var væpna då dei rykte ut.

Årsaka til valdsepisoden er uklar og politiet etterforskar saka.

Onsdag skal politiet prøve å avhøyre gjerningspersonen. Politiet vil førebels ikkje kommentere saka ytterlegare, og det er ikkje teke stilling til om den sikta blir framstilt for varetektsfengsling.

Laster Twitter-innhold