Hopp til innhold

Dette er ein kjøpmann utanom det vanlege

Mange nordfjordingar fekk hakeslepp under den elles så fredelege handleturen i Nordfjordeid laurdag.

Handlande i Eid fekk hakeslepp då dei laurdag møtte butikkekspeditørar utanom det vanlege...

SJÅ HEILE SEANSEN: Dei handlande på Rema 1000 fekk raskt erfare at Trond Gudevold var alt anna enn ein vanleg butikkekspeditør. (FOTO: PRIVAT/REDIGERING: ODDLEIF LØSET/NRK)

For i samarbeid med kjøpesenteret overraska Opera Nordfjord handlande med syngande ekspeditørar, Trond Gudevold, ein av solistane under haustens oppsetting «Søner av sola».

– Det var veldig god stemning, og noko nytt i kvardagen. Det skal seiast, ler Kenneth Fagerstrand ved Rema 1000.

Premiere 1. oktober

Gimmicken var i samband med framsyninga av Vincenzo Bellin sin opera med originaltittel «I Puritana». Framsyninga har noregspremiere 1. oktober og går over åtte framsyningar fram til 11. oktober.

Belcanto-operaen er omsett til nynorsk og gjendikta av den unge lærdølen Jostein Avdem Fretland, som no er busett i London.

(Artikkelen held fram under biletet)

Trond Gudevold som operasyngande butikkekspeditør

OVERRASKA: Både små og store vart overraska over operaen. Til høgre i biletet står Julia og Jelianna Danilova.

Foto: Privat

Operasjef Kari Standal Pavelich seier stuntet laurdag var eit forsøk på å ufarleggjere operaen.

– Vi har vårt faste operapublikum, men dette appellerer til både unge og kjernepublikumet, seier ho.

– Veldig flink å synge

Kari Standal Pavelich

NØGD: Det var Opera Nordfjord og Kari Standal Pavelich som kom på ideen om «Plutselig Opera» for dei handlande i Eid.

Foto: Ine Eftestøl / NRK

Og stuntet såg ut til å fungere. Gudevald fekk mange handlande til å løfte augebryna og trekkje på smilebanda.

– Det var jo ei overrasking, og det var veldig fint, seier Julia Danilova og vedgår at opera ikkje er hennar favorittsjanger.

– Men det var morosamt, smiler ho og får støtte frå mor si, Jelianna.

– Det var morosamt for borna. Så var han jo veldig flink å synge, smiler ho.

– Likar galskap

Det var ikkje berre blant frukt og grønt på Rema 1000 at Gudevold viste fram stemmeprakta si. Også dei handlande hos Chatlet Sport fekk seg ei brå og solid overrasking frå den tilsynelatande nytilsette ekspeditøren.

– Litt nytt og litt galskap, men det var kjempe, kjempegøy, flirer senterleiar Wilhelm Tangerud.

– Då Opera Nordfjord kom med ideen om å gjere litt galskap rundt dette, så var vi med. Slik galskap likar vi på kjøpesenteret, humrar han.

– Det var fantastisk å sjå publikum som fekk sjokk og lurte på kva det var. Etter kvart slappa dei litt meir av, klappa og dansa. Kjempemoro å overraske publikum på denne måten, avsluttar Tangerud.