Hopp til innhold

Ein million til UWC

United World College i Fjaler har fått nok ein million kroner i støtte frå familien som grunnla Tiedemanns Tobakk.

 

 

Det skjedde i går, då Johan H. Andresen den yngre var i Flekke for å leggja ned grunnsteinen til det nye biblioteket.

I følgje Firda har familien no gjeve mellom tre og fem millionar kroner til skulen.