Ein million kroner til DS Stavenes

Den siste dampbåten i fylket er i ferd med å bli førd tilbake slik den var i 1939.

DS Stavenes

Arkivfoto av DS Stavenes

Foto: NRK

- Riksantikvaren har løyvd 1 million kroner til D/S ”Stavenes” for 2010. Det var søkt om meir midlar, men det er likevel grunn til å vera nøgd med storleiken på løyvinga, skriv Veteranskibslaget Stavenes i ei pressemelding.

Lokalbåt i Sogn og lystbåt i Wales

DS Stavenes var ferdigbygd i 1904, og har gjennom si historie både gått som lokalbåt mellom Lærdal og Vadheim, og privatt lystbåt i Nord Wales.

Båten har vore gjennom fleire ombyggingar, men den skal no resteurerast til å sjå ut som i 1939.

- Vestenfjeldske Bykreditt i Bergen har i tillegg løyvd kr. 200 000.-. Både styret og alle som er oppteken av D/S ”Stavenes” gler seg over midlane som kjem inn. Dei kjem godt med, skriv Veteranskibslaget