Heilårsveg over Vikafjellet er eit gamalt prosjekt, men fekk eit skot for baugen då Stortinget valde å bygge Lærdalstunnelen som gav deler av indre Sogn ferjefri heilårsveg til Bergen.
Vikjene har likevel kjempa for vegen sin, sjølv om den ikkje er komen inn i Nasjonal Transportplan fram til 2015. På fylkestinget no i desember sette politikarane av 50 millionar til eit fond som skal brukast til vegen. Ei handfast symbolsk støtte.
Tre alternativ
Men når styringsgruppa for vegen i dag kjem med si tilråding om lineval, har dei jobba med tre alternativ.
Bødalslina som Vik kommunestyre samrøystes gjekk inn for i 2003, opnar også for ein sidetunnel til Arnafjorden, til avløysing av den rasutsette vegen langs fjorden. Men prisen er rundt ein milliard kroner.
Det kostar også alternativet med tunnelinngang i Ovrisdalen. Også dette alternativet kan gje tunnel til Arnafjorden, men då må ein plusse på 150 millionar til den milliarden hovudtraseen kostar.
Billegaste løysinga
Billegaste alternativet er tunnel frå Hestavollen. Her er prislappen 570 millionar.
Heilårsveg over Vikafjellet er eit prosjekt som både Hordaland og Sogn og Fjordane deltek i. Vikjene meiner dei kan stable på beina 500 millionar kroner gjennom kommunale løyvingar, bompengar, pengar frå konsesjonskraft og frå næringslivet. Dermed har dei finansiert billegaste løysing. Men treng framleis 500 millionar om dei går for dyr løysing.
Når styringsgruppa konkluderere seinare i dag, kjem neste runde i fylkestinget til hausten.