Hopp til innhold

Mann i 40-åra omkom etter traktorulukke

Det var Stefan Mate (43) som døydde på Haukeland universitetssjukehus søndag etter å ha gått gjennom isen med traktoren.

Traktor gjennom isen i olden

ULUKKE: Livet stod ikkje til å berge for mannen som køyrde gjennom isen med traktor.

Foto: Jogeir Agjeld

Det opplyser Vest politidistrikt måndag ettermiddag. Politiet har gått ut med namnet i samråd med familien.

Ulukka skjedde laurdag ettermiddag. Mannen i 40 åra, som køyrde traktoren, vart send til Haukeland Universitetssjukehus. Sundag ettermiddag melder politiet at livet ikkje stod til å berge.

Måndag startar arbeidet med å finne årsaka til ulukka.

– Førebels har vi gjort nokre undersøkingar på staden, og snakka litt med vitna til hendinga, seier lensmann i Stryn, Lasse Trosdahl, til NRK.

Blant anna har dei gjort målingar av isen der traktoren gjekk gjennom. Dei syner at isen var 18 centimeter inne ved land, men var ned mot 12 centimeter der traktoren gjekk gjennom.

– Det var dei måla vi fann då vi undersøkte isflak i området, så det kan sjå ut til at det har vore noko varierande istilhøve. Men det må vi sjå nærare på, seier Trosdahl.

Måndag startar også undersøkingane av traktoren, som vart teken opp av vatnet laurdag kveld.

Åleine i traktoren

Då ulukka skjedde laurdag ettermiddag var mannen åleine i traktoren. Politiet kan førebels ikkje seie noko om kvifor mannen har køyrt ut på isen.

Lasse Trosdahl, lensmann i Stryn

UNDERSØKER ULUKKE: Lasse Trosdahl er lensmann i Stryn.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Det kan sjå ut til at han jobba med vedhogst, men det er for tidleg enno til at vi kan seie noko meir om kva som har skjedd, seier Trosdahl.

Då traktoren gjekk gjennom isen følgde mannen med, men folk på staden fekk han ut og starta livberging før naudetatane kom til staden. Mannen vart seinare send til Haukeland universitetssjukehus med redningshelikopter.

Traktor gjennom isen i Oldedalen

GJEKK GJENNOM ISEN: Ulukka skjedde nær land.

Foto: Jogeir Agjeld

Gjorde alt rett

Då alarmen gjekk rykte både politi og brannvesen ut frå Olden og Stryn. Det kom også redningsdykkar med helikopter. Brannsjef i Stryn, John Jatgeir Vinsrygg, rosar den jobben som vart gjort av privatpersonar på staden før redningsmannskapa kom fram.

– Dei handla og fekk personen ut av traktoren og på land. Der starta dei gjenoppliving og gjorde ein iherdig innsats. Etter kvart som bergingsmannskap kom til staden kom det også meir utstyr, og hjartestartar. Men dei første minutta er alltid svært viktige, seier Vinsrygg.