NRK Meny
Normal

Ein mann alvorleg skada etter knivstikking i Høyanger

Ein mann er frakta med luftambulanse til Førde sentralsjukehus etter knivstikking i Høyanger. Politiet skal ha kontroll på gjerningspersonen, og offeret skal ha alvorlege skadar.

Knivstikking i Høyanger

ÅSTADEN: her i Sandvika utanfor Høyanger skal knivstikkinga ha funne stad.

Foto: Arve Ullebø

Naudetatane skal ha vore på plass på staden etter kort tid, det var mannskap ifrå brannvesenet som først fekk kontroll på gjerningsmannen.

Avisa Firda skriv at det var eit oppgjer som gjekk ut på at ein asylsøkjar med irakisk bakgrunn skulle «ta» ein med syriskbakgrunn. Begge skal vere i tredveåra.

Skal ha vore fleire vitne

– Det er tale om to personar med utanlandsk opphav, og det skal ha vore fleire vitne til hendinga, seier Trond Hatlenes ved Vest politidistrikt i Florø.

Trond Hatlenes

FLEIRE VITNE: det skal ha vore fleire vitne til knivstikkinga, seier Trond Hatlenes.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Personen som er sikta for knivstikkinga skal vere frå Irak, og offeret skal vere frå Syria. Begge to skal ha budd i ein bustad for asylsøkjarar i Sandvika utanfor Høyanger sentrum.

Asylsøkjarane sjølve fekk takk i gjerningsmannen

Til Firda seier lensmann i Høyanger og Balestrand, Kåre Jan Hoffrenning, at det til saman bur ni asylsøkjarar i huset, og dei som ikkje var involvert i hendinga klarte å stogge gjerningsmannen då han forsøkte å stikke av. Då politiet kom til staden skal han ikkje ha gjort noko motstand mot arresten.

Åstaden i Høyanger

AVSPERRA: Politiet har sperra av området.

Foto: Arve Ullebø

Asylmottaket i Høyanger er desentralisert, som tyder at asylsøkjarar er busett på private adresser på ulike stadar i kommunen. I det huset det er tale om her skal det ha vore fleire asylsøkjarar til stades medan hendinga skjedde.