Hopp til innhold

Ein knapp kan gjere livet tryggare for syklande Heidi

LOTETUNNELEN (NRK): Heidi Isene sykkelpendlar gjennom den trafikkerte Lotetunnelen. Ein varslingsknapp kan gjere det tryggare.

Heidi Isene

SYKLAR: Heidi Isene brukar sykkel mellom Lote og Nordfjordeid

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Det kjennest ikkje heilt trygt å sykle utan at det er varsling. Ein er nøydd til å ta forholdsreglar, seier Isene.

Heidi Isene bur på Lote, men arbeidspendlar til Nordfjordeid. Lotetunnelen er lang, og manglar gul midtstripe. For å vere mest mogleg synleg har ho på seg refleksvest, og kraftige blinkande lys både på sykkelen og på hjelmen.

– Det er fleire som seier til meg at dette ikkje går an, og lurer på om det er lov, seier ho.

Sykkelvarsling kan vere løysinga

Mange kan vere engstelege for å sykle gjennom tunnelar, men ei løysing kan gjere det tryggare. Fleire stadar i Norge testar Vegvesenet ut sykkelvarsling i tunnelane. Då kan syklistane trykke inn ein knapp slik at eit skilt med varsel om syklist startar å lyse, dermed er bilistane budde på kva som ventar.

Isene skulle gjerne hatt ein slik:

– Det verkar jo heilt fantastisk, eg har køyrt gjennom ein slik tunnel i Hordaland. Då veit bilistane at nokon er der inne, seier ho.

Isene prøver å unngå ferjekøen.

– Det blir fort mykje lyd, eksos og nærgåande bilar når køen kjem, seier Isene.

Sykling gjennom Lotetunnelen

FORHOLDSREGLAR: Heidi Isene forsikrar seg om å vere synleg inne i Lotetunnelen.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Vil ha varslinga på plass

Heidi Isene har kontakta Eid kommune i saka, og kommunen ber no om å få sykkelvarslinga på plass, seier ordførar Alfred Bjørlo (V).

– Vi ynskjer at det skal vere trygt. Slik det er i dag vil ikkje folk sykle fordi det blir oppfatta som for farleg, eg hadde i alle fall ikkje gjort det. Men det er faktisk heilt lovleg, og då er det viktig å gjere det vi kan for å prioritere mjuke trafikantar, seier Bjørlo.

Alfred Bjørlo

VIL HA VARSLING: Ordførar i Eid, Alfred Bjørlo (V)

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Spent på effekten av varsling

Sykkelkoordinator i Statens vegvesen, Anja Wannag seier eit titals tunnelar i Norge har fått slik varsling, to av dei på riksvegnettet. Men kor mange fleire som får er uvisst.

– Dette er noko som vi følgjer tett, og vi vurderer kva som er best eigna, seier Wannag.

I år har det vore to dødsfall med syklistar i tunnel, i mars døydde ein mann i 80-åra i Lærdal i ein samanstøyt med ein bil. I Samnanger i Hordaland døyde ein utanlandsk mann i 50-åra då han vart påkøyrd bakfrå.

Statistisk sett trygt

Men statistikken seier at det jamt over er trygt å sykle i tunnelar.

– Det har dessverre vore to alvorlege ulukker, men statistisk sett er det svært sjeldan vi har alvorlege tunnelulukker med sykkel.

Tilbake i Lotetunnelen trur Heidi Isene at fleire vil trivast på sykkelen om ein får sykkelknappen på plass.

– Ikkje berre for meg, men også for dei som trenar og som er på tur, seier ho.