Hopp til innhold

Ein god start på årets laksesesong

Etter 11 dagar og 25 fisk torer Knut Munthe Olsen å varsle at det ser ut til å bli ein god laksesesong. Men endå har dei ikkje teke dei største fiskane.

Laksefiske i Årøyelva

GOD START: Etter 11 dagar er det mykje som tyder på at det kan bli ein god sesong her i Årøyelva i Sogndal.

Foto: Knut Munthe Olsen

– Den største fisken vi har teke i år var på 14 kilo, så det er jo ganske bra, seier Knut Munthe Olsen. Han eig fiskerettane i den kjente lakseelva Årøyelva i Sogndal.

Munthe Olsen finn fram fangstboka når NRK ringjer han. Det har gått rykte om at sesongopninga har vore uvanleg bra i mange norske lakseelver, og elveeigaren kan stadfeste det med dei omfattande noteringane sine.

– Vi har fått 25 laks så langt i år, og 24 av dei er det vi kallar storlaks. Det tyder at dei er tyngre enn 7 kilo.

Les også: No kriblar det i kroppen til laksefiskarane

Munthe Olsen forklarer at dei faktisk fekk 9 laks berre det første døgnet etter at fisket opna 1. juni.

– Vi såg allereie i mai at det gjekk mot ein god start, for fisken var uvanleg tidleg oppe i elva.

Laksefiske i Årøyelva

BRA FANGST: Dette er den største fisken som er teken i Årøyelva så langt i år. Han vog 14 kilo. Som 80 prosent av fisken dei tek, vart han sett ut att. Den einaste fisken dei ikkje sett ut, er den som er skada.

Foto: Knut Munthe Olsen

Betalar dyrt for å fiske

Og det er ikkje ei kva som helst slags elv det her er tale om. Å få fiske i Årøyelva kan koste så mykje som 300 000 kroner. I allefall om du vil ha elva for deg sjølv i ei veke, og bu komfortabelt i hus langs elvebredda.

Folk reiser langt for å fiske laks her, og dei vil helst ha den aller største. Då må ein ofte vente litt lenger ut i sesongen.

– Det hender at ein tek fisk her som er over 20 kilo. det er ein tøff kamp i ei elv som er så stri som denne, så då skal du ha flaks for å få han opp, forklarer lakseentusiasten.

Veljer ut riktige floger

VIKTIG Å VELJE RETT: Å velje rett floge kan vere heilt utslagsgjevande for om ein får fisk eller ikkje.

Foto: Knut Munthe Olsen

Bra også i Kongen si favorittelv

Det er ikkje berre i Årøyelva at det no vert varsla om ein god sesongstart. I det som nokon reknar som Noregs beste lakseelv, Lærdalselvi, er dei også strålande nøgde.

– Det har vorte fanga meir enn 70 fisk den siste veka, og det er jo veldig bra, strålar Lasse Sælthun i Lærdal fiskeeigarlag.

Her pleier kong Harald å fiske kvar sommar, og det er ein grunn til elva er så populær blant sportsfiskarar.

Laksefiske i Årøyelva

TOLMODSARBEID: Å fiske med floge etter laks er tolmodsarbeid. Når ein først har fått ein på kroken, byrjar den verkelege kampen.

Foto: Knut Munthe Olsen

Les også: Her får Kong Harald laks i Lærdalselvi

– Den største fisken så langt i år var på over 17 kilo. Då snakkar vi om ein skikkeleg stor fisk.

Sælthun forklarer at høgsesongen der i elva er rundt månadsskiftet juni og juli. Det kan tyde på at dei har meir storfisk i vente.