Hopp til innhold

Ein flytur gjorde valet ekstra spennande

Espen Sortevik (Ap) var på veg til Kina då stemmene ramla inn. Då han gjekk av flyet fleire timar seinare, var han etter alt å dømme den nye ordføraren i Bremanger.

Espen Sortevik Bremanger Ap

I KINA: Espen Sortevik fekk dei gode nyhenda først tysdag føremiddag. No er han i Kina på arbeidsreise, og andre i partiet må ta seg av forhandlingane.

Foto: Privat

Vallogo

– Visst alle forhandlingane går vår veg som vi trur, så er eg det ja, seier Espen Sortevik i Arbeidarpartiet.

Det vart eit brakval for den politiske nykommaren. Arbeidarpartiet fekk 34,7 prosent av stemmene i kommunen og hadde ein framgang på heile 9,1 prosentpoeng.

– Det er jo veldig gledeleg at den linja som vi har køyrt i Arbeidarpartiet, med å vere klare på kva vi meiner, har slege an blant folk. Så har vi vel også sett at folk ønskjer å gi makta tilbake til Arbeidarpartiet, seier Sortevik.

Sat på eit fly under valvaken

Det gjekk mange timar utan at Sortevik visste kva som etter alle solemerke ventar han. Han sat nemleg på eit fly på veg til Kina på arbeidsreise med Elkem der han er styremedlem.

– Då eg reiste frå København i titida i går kveld, fekk eg vite at det såg veldig bra ut. Så fekk eg vite resultatet i dag tidleg. Det var ekstremt gledeleg, fortel Sortevik på telefon frå Kina.

– Korleis var det å sitte på flyet i så mange timar utan å vite?

– Det var litt spennande får eg seie, men det var no berre å legge seg, for det var ikkje nokon moglegheit for å kommunisere, så spenninga var stor då telefonen ringde i dag.

Må stå over forhandlingane

Sjølv om Sortevik er fersk i politikken meiner, han at han har mykje å kome med.

– No har eg god erfaring frå mange år som tillitsvald, trenar, leiar for idrettslag samt leiar for soknerådet sitt fellesråd. I tillegg har eg jobba seks år i styret til Elkem, så dette med leiarerfaring føler eg faktisk talt at eg har inne.

Medan han er i Kina sit partigruppa hans og forhandlar om detaljane i Bremanger. Sortevik er tilbake igjen først på måndag. Alt tyder likevel på at han blir ordførar.

– No har vi vald ut dei mest erfarne politikarane i partiet som kjenner partia inn og ut, så dei har eg full tillit til. Nettopp fordi eg er så fersk har eg funne ut at vi må bruke dei som har erfaring med slike forhandlingar, seier han.