Hopp til innhold

Ein eller to Bjørn-ar på tinget?

I dag er turen komen til Bjørn Lødemel og Høgre i NRK Sogn og Fjordane sine partiutspørjingar framfor stortingsvalet.

Stortingskandidat Bjørn Lødemel i utspørjing framfor valet 2013.

Bjørn Lødemel i utspørjing

Når han set seg til rette i studio kan han gle seg over endå ei oppløftande meiningsmåling for Høgre.

Det er Erlend Blaalid Oldeide som stiller spørsmåla, og det er neppe til å unngå at temaet bru over Nordfjorden kjem opp. Men du kan og vere med på å påverke kva størsmål som skal stillast. Det kan du gjere i ein e-post til sf@nrk.no.

Erlend Blaalid Oldeide

UTSPØRJAR: Erlend Blaalid Oldeide.

Foto: Johan Moen / NRK

Vann utjamnings-lotto sist

Reporter Eldgrim Fossheim introduserer alle førstekandidatane, og han har laga dette samandraget om førstekandidaten til Høgre:

Bjørn Lødemel var den som for fire år sidan vann stortingsvalet sin lottovinst her i fylket. Han kapra utjamningsmandatet etter eit valresultat der partiet var fjerde størst i fylket.

Slik sett var fordelinga av utjamningsmandat meir retteferdig ut frå resultatet her i fylket enn det var fire år tidlegare. Då fekk Venstre mandatet trass i at både SV, KrF og Høgre var større enn Venstre her i fylket, men slik er no ein gong reglane for utjamningsmandat.

Drøymer om to mandat

Denne gongen ser det ut til at Lødemel greier mandat utan å måtte lite på lotto. Dersom Høgre-bølgja som har fløymt over landet i lang tid held fram til valet, surfar Lødemel innatt på stortinget som del av denne bølgja. Ja, enkelte meiningsmålingar har vore så gode at partiet drøymer om to mandat.

Bjørn Lødemel sin politiske CV er lokalpolitikar i Hornindal sidan 1991 og ordførar frå 1995 til han fôr på Stortinget i 2005. Han vart fylkesleiar i 2005 då sitjande leiar Liv Stave trekte seg midt i valperioden, men overlet etter kvart leiarvervet til Arve Mjømen.

Yrkeskarrieren er bokhandlar på Grodås, men også med ei fortid på Ekornes møbel.

Vart ekspert på bjørn og jerv

I 2005 hadde Lødemel ein draum om å bli viktig samferdselspolitikar for Sogn og Fjordane på Stortinget. Lang tids kamp for Kvivsvegen gjennom eigen kommune hadde gitt han blod på tann. Han enda opp i Miljø- og energikomiteen og vart rovdyrpolitikken sin talsmann i Høgre.

Sjølv om mykje ser lyst ut for Høgre framfor dette valet, er det spenningsmoment knytta til all den turbulensen som partiet har greidd å skape lokalt også siste året, det meste knytta til Flora.

Nødseth-konflikt

Der er lokalpartiet konstant i indre konflikt - siste åra med Jakob Nødseth i sentrum for stridane. For fire år sidan var Nødseth Høgre sin andrekandidat til Stortinget og har møtt som vara - men vart kasta ved nominasjonen framfor dette valet og erstatta av sambygdingen Bjørn Hollevik. Nødseth-sympatisørane, og dei er det ein del av, likte dette dårleg.

Jovial - og rund?

Lødemel gjorde seg også til "persona non grata" i Gloppen Høgre då han tok ein piruett i E39-saka og gjekk for indre fjordkryssing - etter å ha stått på Lote-Anda tidlegare.

Men den alltid joviale, diplomatiske og smilande Bjørn Lødemel - nokon vil kalla han politisk rund - ser ut til å kome skadeslaus gjennom - spesialist som han er på rovdyrpolitikk.

Andre utspørjingar

Bjørn Lødemel er den sjuande og siste stortingskandidaten som får ei utspørjing heilt for seg sjølv. Her kan du sjå korleis dei seks andre greidde seg:

Og du kan altså kome med spørsmål og synspunkt du meiner Bjørn Lødemel bør konfronterast med. I så fall kan du sende oss ein e-post til sf@nrk.no.