Hopp til innhold

Ein traktor har ansvar for fire mil med vinterveg - no er bygdene redde for å bli isolerte

Ein einaste traktor skal brøyte fire mil med fjellovergangar på Stadlandet. No frykter innbyggarane at dei vil snø inne.

Henning Drage

OPPGITT: Henning Drage har sjølv erfart kor krevjande det er å halde vegane opne.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Her kan vere ekstremt. Ofte ser ein berre kvitt framfor seg, seier bussjåfør Henning Drage.

Drage har køyrt på vegane på Stadlandet i 20 år som bussjåfør, og 20 år som brøytesjåfør.

Stadlandet ligg rett mot storhavet. Bygdene ligg isolert til mellom fjella på halvøya. Vinden gjer at snøen flyttar seg raskt, og temperaturane skiftar fort, frå snøføre til hålkeføre.

– Å brøyte og strø ei så stor strekning med berre ein traktor, det vil ikkje gå, seier Drage.

Morkadalen på Stadlandet

LANGE STREKNINGAR: Morkadalen er ei krevjande strekning i snøstorm.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Tidlegare var det to ulike entreprenørar som hadde ansvaret.

Men i ein ny brøyteavtale med Statens vegvesen har underentreprenør Mesta tatt ned kapasiteten.

No skal ein traktor skal halde ope nesten fire mil med fylkesvegar, med i alt fire ulike fjellovergangar.

Årsaka er statlege krav til vintervedlikehald her til lands. Krava er kor ofte det skal brøytast under snøfall, ikkje kor mykje snø det er.

På mange vegar kan det gå opp til tre timar mellom kvar gong det blir brøyta, fire timar før det blir strødd.

– Har prøvd før – gjekk på tverke

Vegvesenet har prøvd løysinga før, for over ti år sidan, men gav opp. Då var det Drage som køyrde brøytebilen, og sjølv om han då brukte lastebil og ikkje traktor klarte han ikkje å halde vegane opne.

– Eg har aldri måtte hjelpe så mange bilar laus som då eg brøyta åleine, seier Drage.

Ein brøytetraktor har ikkje lov å køyre raskare enn 40 kilometer i timen. Fagfolk NRK har snakka med trur farta oftast må ned mot 20 kilometer i timen på dei smale vegane. I tillegg skal ein rydde kryss og snuplassar.

STAD: Drygt 40 kilometer med veg skal haldast ope av ein brøytetraktor i fylgje Vegvesenet.

– Dette kjem ikkje til å gå

Marita Aarvik er blant innbyggarane som fryktar å bli innesperra. Ho trur dei ansvarlege ikkje veit kor intense stormane er på Stad.

– Det går utruleg kort tid før vegane fyk igjen. Ein ambulanse vil slite like mykje som andre bilar. Dei bør forstå at dette ikkje kjem til å gå.

Vegvesenet vil ha dialog med Mesta

Prosjektleiar for drift i Statens vegvesen, Lars Karlsen, seier dei er i dialog med underentreprenør Mesta, og at Vegvesenet har reist spørsmål om éin traktor er nok.

– Mesta har sagt dei vil sjå på dimensjoneringane, og svare oss.

Lars Karlsen

Prosjektleiar for drift i Statens vegvesen, Lars Karlsen.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Korleis kan ein vere sikre på at vegane ikkje fyk igjen?

– På Stad kan ein aldri vere heilt trygg på dette. Det kan i periodar vere heilt ekstremt, nesten uansett kor store ressursar ein set inn. Ein må vurdere å stenge vegane om det er uforsvarleg å køyre, seier Karlsen.

Distriktssjef i Mesta, Dagfinn Brotnow, lar Vegvesenet kommentere saka.

– Vi skal følgje dei i krava som er stilt i kontrakten, og levere på bestillinga, seier Brotnow.

På skulebussen er sjåfør Henning Drage uroa.

– Erfaringane burde vere så klare at brøyteberedskapen ikkje skulle vere tema.

Vegen til Årvik på Stadlandet

ÅRVIK: Årvik på Stadlandet ligg ytst mot eit stormfullt storhav.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK