NRK Meny
Normal

Han er ein av landets beste oppleggjar – men no må han spele diagonal

Landslagsoppleggjaren Jonas Kvalen (21) slit med skade etter cupfinalen i 2012. Dermed blir han å sjå som diagonal på bana for Førde volleyballklubb. Iallfall inntil vidare.

Jonas Kvalen

GLER SEG: Jonas Kvalen heng ikkje med hovudet sjølv om ein vond peikefinger gjer til at han ikkje kan spele på sin vane plass på bana.

Foto: Alf Vidar Snæland

– Eg forstua peikefingeren ganske kraftig under cupfinalen i 2012, og det har

hemma meg i å yte hundre prosent i oppleggjarposisjonen dei siste åra. No må eg ta det med ro, og spele ein annan posisjon som gjer at eg belastar fingrane litt mindre, seier Kvalen.

Den tidlegare utanlandsproffen er tilbake i Førde volleyballklubb, etter eit opphald i polske Indykpol AZS Olsztyn.

Satsar på at ting kjem seg

Laurdag er det seriestart, og Førde møter Tromsø klokka 16.00 i Førdehuset. Men mannen som er rekna som landets beste oppleggjar, blir ikkje å sjå i den posisjonen, korkje på laurdag eller denne sida av nyttår.

– Eg satsar på å bli betre utover sesongen, slik at eg kan komme tilbake til den posisjonen eg eigentleg skal spele, seier Kvalen.

Han skal til lege neste veke for å ta ultralyd og truleg MR, men han har også vore hjå fysioterapeutar og teke røntgen tidlegare, utan at det har synt noko.

– Men vi tek ein ekstra grundig sjekk no, og ser kva dei finn, seier Kvalen.

I mellomtida kjem han til å spele litt rundtomkring på bana, hovudsakleg som diagonal, altså hovudangripar på bana.

Eksperimenterer med taping

Men fingrane er framleis viktige for ein volleyballspelar.

– Eg driv og forskar litt på korleis eg skal tape fingrane. Eg må tape dei på ein slik måte at eg slepp å belaste fingeren uansett, så vi jobbar med saka. Eg trur det går bra, seier Kvalen.

Kampane står på rad og rekkje for Førde volleyball, både i serien, Europacupen og Nordic League.

– Det blir travelt framover. Det er eit utruleg spennande opplegg med mange eliteseriekampar, nordisk liga og europacup, så eg gler meg veldig til sesongen byrjar og vi får bryne oss på dei utanlandske laga, seier Kvalen.

Kvalen har tidlegare vore proff i Polen, landet der spelande trenar Marcin Lubiejwski kjem ifrå. Han har stor sans for den nye trenaren.

– Han har røynsle frå same liga som eg spelte for i førre sesong i Polen, og har også trenarutdanning derifrå. Han er utruleg dyktig og har mykje kunnskap som dei beste spelarane i verda kan. Han kan tilføre laget mykje som kan løfte oss denne sesongen, meiner Kvalen.

(Artikkelen held fram under videoen)

Førde volleyballklubb har fått ny trenar, Marcin Lubiejwski, og her fortel han om klubben sine planar for sesongen.

VIDEO: Sjå kva nytrenaren meiner om den kommande sesongen for Førde. Foto og redigering: Alf Vidar Snæland

Må spele med færre feil

Han har stor tru på at dei vert blant dei fire beste i Nordisk liga, slik som dei gjorde for tre år sidan.

Trenaren sjølv er forsiktig med å seie noko om kva endringar publikum vil sjå i laget, men har nokre kjepphestar.

– Eg håpar karane prøver å spele ein litt annleis volleyball, med færre feil enn førre sesong. Dei må forstå at kvar feil gir poeng til motstandarane. Dei må ha fokus på kvar einaste ball, for kvar einaste ball er viktig for oss, seier Marcin Lubiejewski, trenar for Førde volleyballklubb.

I sin første sesong som spelande trenar han har fokus på å eliminere lette feil på serving, angrep og gratisballar.

– Eg håpar vi også vil sjå ein skilnad i mentaliteten i laget. Vi må kjempe mot alle og slå alle. Vi må ta dei krigane vi kan. Eg håpar karane klarar å takle presset, og ikkje late seg skremme i Europacupen. Dei russiske laga er dei beste i verda, så det vil bli utfordrande for oss å stå ansikt til ansikt med dei, seier Lubiejewski.

Stå med rak rygg, og ikkje bli redde

Han trur det viktigaste er å ikkje la seg skremme, men ha trua på at ein kan slå også dei store.

– Dei er jo same type folk som oss, men dei spelar på eit høgare nivå. Viss vi held hovudet høgt, så kan vi slå dei vi vil. Dette er eit godt teikn for oss framfor denne sesongen, seier Lubiejewski.

Polakken legg ikkje skjul på at treningsfilosofien er litt annleis i Polen.

– Eg er nok ein tøff trenar. Men eg trur laget treng ei hard hand. Dei må få vite når dei gjer feil. Eg må kunne skrike til dei, viss det ber gale av garde. Kven er det som er trenaren? Viss eg ikkje seier noko i kampens hete, kan ting gå berre verre. Men tru meg, trenarane eg har hatt, har vore mykje tøffare enn det eg er, seier Lubiejewski.

Laget har fått på plass fleire forsterkingar. Mellom anna rumenaren Vasile Afloarei.

– Vaseli har stor erfaring og er ein god spelar. Han har også spelt i Champions League, så eg har tru på at han blir viktig for oss, seier trenaren.

Huus inn for Loftesnes

Også Førde-guten Bendik Huus er tilbake på Førde etter ei topphald i Oslo.

– Eg har vore i Oslo eit år og studert, men no er eg tilbake for å satse med Førde. Det er utruleg kjekt å vere tilbake, seier Førde-guten Bendik Huus.
Han spelte då for Oslo Volley.

– Det er ein fin klubb, men dei har ikkje same apparatet rundt som Førde har. Det er det som er så unikt her, seier Huus.

Han er spent på sesongen.

– Vi har jo mista Mathias Loftesnes, som var ein sentral spelar. Men vi går for gull, og vi er blant favorittane, det skal vi vere, seier Huus.

Han går inn på laget som oppleggjar, i fråværet av Jonas Kvalen.

– Eg har trent godt, så eg er ikkje så veldig nervøs. Det er god stemning, seier Huus.

Fleire forsterkingar på laget

At Jonas Kvalen, som er rekna som landets beste oppleggjar, no vil bli å sjå på bana, om enn ikkje på sin vane plass, trur trenaren er viktig.

– Han kjem til å spele kant eller diagonal. Vi må sjå litt korleis det fungerer i spelinga vår. Kanskje spelar han kant, og så spelar eg diagonal. I utgangspunktet skal eg spele på Mathias (Loftesnes red. anm) sin plass som kant, men vi får sjå, seier Lubiejewski.

I tillegg har laget fått tilbake Kristian Kjøllesdal og Mathias Brøndbo, så trenaren har tru på at laget stiller sterkt denne sesongen. Og han er klar på at han må fordele tida si mellom trenargjerninga og spelinga.

– Eg har bestemt med for å spele halvparten av tida, resten må eg vere trenar. Eg må få opp trenarnivået mitt, og då må eg også vere på benken og sjå ting frå sidelinja. Det vert ikkje det same å spele. Eg må føre statistikk og gjere vurderingar som kan liggje til grunn for dei avgjerdene eg gjer som trenar, seier Lubiejewski.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.