Hopp til innhold

Han er ein av dei siste lakselordane som framleis kjem til Norge kvart år

Det blir stadig lengre mellom britiske lakselordar langs norske elvekantar. Men Lord John Buxton (83) held framleis stand.

Video Lakselord i Aurland

PÅ PLASS: Lord John Buxton sviktar ikkje Aurlandselva.

Lord Buxton føyer seg inn i ein stolt tradisjon. Heilt sidan 1800-talet har den britiske overklassen kome i hopetal, men no nærmar ein nær 200 år gammal epoke seg slutten.

Kom første gong i 1935

– Ein gong tok eg ein laks på 28 pund (13 kg). Det er den største fisken eg nokon gong har tatt, mimrar 83-åringen.

Laksen tok han i Aurlandselva, der NRK.no møter han måndag ettermiddag. Hit tok han første gong turen frå England som liten gut i 1935. Då vart han biten av basillen.

– Det er vakkert, blått vatn her, seier han drøymande mens han speidar utover elva som renn gjennom Aurlandsdalen ned mot Sognefjorden.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Lord Buxton ved Vassbygdvatnet

SVINGAR FLOGA: Lord Baxton freistar lykka ved Vassbygdvatnet.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

76 år etter sin første fisketur i Aurlandselva gnistrar det framleis i Lord Buxton sine auger. Sixpencen skuggar for sola, og flugestonga jobbar flittig mellom erfarne hender.

– Når du først er blitt hekta på fiske, er det vanskeleg å slå det frå seg, fastslår den engelske adelsmannen.

Keisarar, kongar og lordar

Britiske laksefiskarar, gjerne kalla lakselordar – kjende for sine karakteristiske tweed-antrekk, byrja å frekventere norske lakseelver midt på 1800-talet. Dei gjorde laksefiske til ein sport.

Utover 1800-talet kom keisarar, kongar og lordar i store følgjer til norske vassdrag på jakt etter den store fangstopplevinga. No er det berre eit fåtal, kanskje så få som tre lakselordar, som legg turen til Norge.

– Dei norske elvane sitt rykte fekk ein dramatisk knekk for om lag 20 år sidan. Dårlegare fiske, meir sjukdom på fisken, og konkurranse frå Island og Russland gjer at ein epoke nærmar seg slutten, seier Lord Buxton som forklaring på kvifor han snart er den einaste att frå det britiske aristokratiet i norske elvar.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Lord John Buxton og kona Bridget

FAST FØLGE: Kona Bridget er aldri langt unna når Lord Buxton er på fiske.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

Andre har tatt over

Lord Buxton har nok rett, trur Bjørn Vike, leiar i Aurland Elveeigarlag.

Bjørn Vike

TIDENE FORANDRAR SEG: Nordmenn og svenskar har tatt over. Det blir stadig færre lordar i elva, konstaterer leiar Bjørn Vike i Aurland Elveeigarlag.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

– Aurlandselva var kjend som kanskje ei av verdas beste sjøaureelver.

Dei siste åra er nordmennene komne i fleirtal langs elvebreiddene.

– Nordmenn og svenskar har tatt over. John representerer på ein måte punktumet for ei historie som på ein måte er ein del av fortida, fastslår Vike.

Lakselordane med deira store reisefølgjer og økonomiske tyngde, har vore viktige for mange små bygder.

– Dei fylte opp hotellet på Aurlandsvangen. Det var liksom Buxton og hans familie som var der heile sommaren, minnast Vike.

Bryllaupsturen gjekk til elva

Men Lord Buxten held framleis stand, om enn med eit langt mindre reisefølgje. Med seg i Aurland har han kona, Bridget. NRK.no møter henne langs elvekanten.

Bridget Buxton

- HAR IKKJE NOKO VAL: Skal eg skal eg sjå noko til John, må eg vere med på fiske, seier fru Bridget.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

Då lorden tok henne med på bryllaupsreise til nettopp Aurland, i 1958, lova han at fiskestonga skulle få kvile...

– Men så, når vi kom hit, kom ein ven og spurde «Vil du fiske her, eller vil du fiske der?». Så sjølvsagt vart det til at vi fiska, fortel fru Buxton.

Skal ho i det heile tatt sjå ektemannen, er det best å henge seg på fisket.

– Du veit, det er som ein sjukdom dei får. Så ein må anten bli med, eller aldri sjå dei.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Lord John Buxton

SÅ LENGE HELSA HELD: - Eg skal fiske til eg ligg under torva, lovar Lord Buxton.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

Trur han blir den siste

Mellom stupbratte fjell snirklar elva seg ned dalen. Lord Buxton kjenner kvar ein høl. Lommene på fiskevesten til Lorden er full. Medan han svingar stanga får fiskaren på andre sida napp.

– Jo, dei har auren under kontroll, konstaterer Buxton.

Familien hans kom til elva i 1911. Sommaren 2011 kan bli siste gong ein lord freistar fiskelykka. For trass i at fiske i elva har tatt seg opp att siste åra, er det ikkje nok til å lokke sønene til Buxton til Norge.

Han blir den siste lakselorden i familien. Men skal vi tru Lord Buxton, sym ikkje laksen trygt neste sommar likevel..

– Eg er frista til å komme for alltid, til eg ligg under torva. Far min held nok framleis auge med oss frå ovan, ler 83 år gamle Lord John Buxton.