Eigne hus skal sikre statlege arbeidsplassar i distrikta

Regjeringa vil samle statlege tilsette i eigne hus på mindre plassar. Det kan vere aktuelt å flytte fleire arbeidsplassar ut frå storbyane til dei nye «Statens hus».

Monica Mæland på Halhjem

SKAL BYGGE: Eigne Statens Hus i distrikta har vore eit krav frå Venstre som kom inn i regjeringserklæringa. No varslar Mæland at husa kjem frå 2020.

Foto: SIMON S. BRANDSETH / NRK

– Det er ein fornuftig måte å opptre på. Du får fagmiljø, fleire menneske som jobbar saman, seier kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland (H).

Regjeringa vil prøve ut ein ny modell for «Statens hus» der mindre avdelingar av statlege etatar skal flytte inn under same tak på mindre stadar.

Målet er å skape felles statlege forvaltingsmiljø i distrikta.

– Vi vil etablere tre pilotar. Det er særleg interessant å gjennomføre pilotane i kommunar som nyleg er vedtekne samanslått, i sentra som tener større bu- og arbeidsmarknadsregionar.

– Er det snakk om å flytte tilsette frå Oslo, eller allereie etablerte arbeidsplassar?

– Vi jobbar med begge deler. Det kan vere etablerte arbeidsplassar, men kan også handle om å flytte ut arbeidsplassar.

Nordfjordeid.

PILOT: Nordfjordeid kan få eitt av tre pilotprosjekt når regjeringa vil samlokalisere statlege etatar i kompetanseklynger i distrikta.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Folka finst, berre du gir distrikta sjansen

Sentralisering og reformer i statleg forvalting har vekt ein storm av protestar kring om i landet. Mæland seier ho vil gjere det lettare å rekruttere og behalde kompetanse i distrikta. Nettopp etatar som vert omorganiserte er aktuelle i slike statens hus.

– Skatteetaten, Politiet, Nav, Jordskifterett og Statens vegvesen, nemner Mæland.

Eid-ordførar Alfred Bjørlo frå Venstre har vore ein skarp kritikar av det han har kalla ein ukoordinert nedlegging av arbeidsplassar i distrikta, der politikarane ikkje evnar å sjå konsekvensane for lokalsamfunna.

Eid kommune går i 2020 inn i Stad kommune, og kan vere ein av dei tre stadane som får «Statens hus». Bjørlo har vore ein pådrivar for ordninga, og deltok saman med Mæland då nyhenda vart lansert i Bergen.

– Folka finst, berre du gir distrikta sjansen. Dette kan sikre gode statlege fagmiljø i distrikta i framtida, seier han.

Monica Mæland og Alfred Bjørlo

NØGD: Alfred Bjørlo (t.h.) er nøgd med at kommunalminister Monica Mæland vil prøve ut «Statens Hus».

Foto: Privat

Vinnarar og taparar

Ordføraren vart provosert då det vart kjent at Statens vegvesen planlegg omorganisering i heimkommunen.

– Problemet for distrikts-Noreg har vore at kvar etat held på med sine omorganiseringsprosessar. I ei nedlegging blir alltid dei minste kontora trua. Då blir nokre stader taparar i alle prosessar, og nokre blir vinnarar, seier Bjørlo.

– Folk må vite at staten er med

Bjørlo trur at eit «Statens Hus» aukar sjansane for å få nye statlege arbeidsplassar.

– For du flyttar ikkje til eit lite satellittkontor, men til eit samla fagmiljø der det jobbar mange folk og du veit at Staten er med, seier han.

Monica Mæland vedgår at somme stadar har kome uheldig ut av dei mange lokaliseringsreformene.

– Vi har lært mykje av dei ulike omorganiseringane. Kvar etat tenkjer fornuftig kvar for seg, og vi har retningsliner for korleis ein skal greie ut slike lokaliseringar. Men vi ser at dette er blitt veldig uheldig for enkelte stader. Då lyt vi ta grep. Dette er eit slikt grep.