Hopp til innhold

Eigedomsskatt kan vera ulovleg

Vågsøy kommune vil kunne gå glipp av fleire millionar kroner.

Måløy
Foto: Tor Sætren Sumstad

Folk i Vågsøy har ikkje fått beskjed om kor mykje skatt dei skal betale i år før ut i juli månad. Fristen er i fylgje lova 1. april når ein kommune innfører eigedomskatt. Berre ved særskilte grunnar kan taksten kome seinare.

Vurderer klage

Hege Kristiansen i Sogn og Fjordane Energi meiner Vågsøy må forhalde seg til lovverket.

- Formelt sett er det grunnlag for å klaga på vedtaket. Me er opptekne av at det skal skje riktig og ordentleg, og at kommunen også skal forhalda seg til eigedomsskattlov og forvaltingslov

Dette gjer at SFE no vurderer å klage inn heile skattevedtaket. Dei risikerer å betale 70000 i skatt til hausten og ventar at beløpet kan verte firedobla om skattesatsen aukar dei neste åra.

- Her er det fatta vedtak i kommunestyret attande mars, og den taksten me har fått er datert niande juli. Det skulle normalt innebera at Vågsøy ikkje skal kunne berekna eigedomsskatt før neste år.

Les óg: Fleire kommunar ser seg nøydd til å innføra eigedomsskatt

- Har ei dårleg sak

Vågsøy kommune har hamna på Fylkesmannen si Robek-liste og kommunen slit med store underskot.

Tall Ships Races skandalen gjorde åleine at kommunen tapte nær 15 millionar kroner. Eigedomskatten er venta å gi kommunen inntekter på mellom fem og ti millionar kroner, og vart innført etter langvarig budsjettrot i kommunestyret i mars. Men no kan altså heile vedtaket vere ugyldig, meiner også direktør i Skattebetalerforeningen Jon Stordrange.

- Ved omtaksering av større endringar når eigedomsskatten skal innførast for fyrste gong, er kravet i lova at skattekravet skal sendast ut før fyrste april. Det finst ei lita opning for å koma med krava utover fyrste april, men juni-juli er alt for seint i fylgje skattelova. Her kan det vera snakk om utsetting om nokre få veker, ikkje fleire månader, så her har kommunen ei dårleg sak.

- Held ikkje i det heile

Rådmann Ørjan Raknes Forthun

Ørjan Raknes Forthun, rådmann i Vågsøy kommune

Foto: Håkon Eltvik / NRK

I fylgje Stordrange kan altså kven som helst i Vågsøy no nekte å betale skatten og klage på vedtaket.

- Ein kan klaga og påberopa seg at vedtaket er ugyldig. Så der vil eg anbefala folk å rett og slett klaga dersom kravet ikkje har kome før sommaren.

Og sjølv Vågsøy kommune er usikre på om vedtaket er lovleg, seier rådmann Ørjan Raknes Forthun.

- Regelverket rundt eigedomsskatt er temmeleg komplisert, så hundre prosent sikker kan ein aldri vera.

Stortingsrepresentant Åge Starheim frå Frp tykkjer det kommunen har gjort, er totalt uakseptabelt.

- Å ikkje ha sytt for å innhenta informasjon så ein på førehand er hundre prosent sikker på at det ein vedtek er rett, meinar eg ikkje held i det heile.