Hopp til innhold

Eigedomsskatt i Naustdal

Frå 2007 skal innbyggjarane i Naustdal kommune betale eigedomsskatt. Det vedtok kommunestyret torsdag.

Naustdal
Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Eit nytt regelverk gjer det no mogeleg for kommunen å krevje inn skatten.

Ifølgje ordførar Jan Herstad er dette eit tiltak for at kommunen skal komme over på pluss-sida økonomisk. 

- Har ikkje noko val

- Formannskapet og kommunestyret ser at kommunen er i ein så vanskeleg situasjon at vi langt på veg ikkje har noko val. Vi må utnytta alt inntektspotensialet vi har.

Ei av inntektskjeldene vert no eigedomsskatt for Naustdal kommune. Som ROBEK-kommune er Naustdal på minussida økonomisk.

Fekk ikkje lov i 2004 

Jan Herstad
Foto: NRK

I 2004 slo Gulating Lagmannsrett fast at det ikkje var lov å krevje eigedomsskatt i Naustdal. Men eit nytt regelverk gjer det no mogeleg for ordførar Jan Herstad og resten av kommunestyret å innføre skatten likevel.

 - No har departementet endra eigedomsskattereglane slik at i 2007 opnar ein opp for at kommuane kan innføre eigedomsskatt på privathus i heile kommunen, slik at då brukar vi ikkje det regelverket som Naustdal kommune gjorde seg nytte av sist vi prøvde å innføre eigedomsskatt.

RV mot eigedomsskatt

Eigedomsskatt gjev kommunen inntekter på mellom to og tre millionar kroner årleg. Kommunestyrerepresentant Magnar Falkenstein frå RV var den einaste som røysta imot forslaget. Han meiner kommunen bør skaffe inntekter på anna vis.

- Eg synest det er ein veldig urettfferdig skatt, og eg det å ha ein skatt på hus og eigedom synest eg ikkje vi skal ha her i landet, seier Falkesnstein, som innser at kampen mot eigedomsskatt i denne omgangen er ei tapt sak.