NRK Meny
Normal

Eigaruvisse vanskeleggjorde Fjord1-fusjon

Usikkerheit rundt fylkeskommunen sitt eigarskap i Fjord1 gjorde det vanskeleg for Norled å slå seg saman med dei.

Styreleiar i Norled Ingvald Løyning

INGEN AVTALE: Styreleiar i Norled, Ingvald Norled, fortel i dag kvifor det vart vanskeleg å slå selskapet saman med Fjord1.

Foto: Montasje / NRK

Det seier styreleiaren i Norled, Ingvald Løyning, etter at fusjonen vart stoppa i går.

– Det vart litt utfordrande når vi ikkje heilt visste kven vi skulle samarbeide med vidare, seier Løyning.

Samanslåinga stranda

For samtidig som selskapa har drøfta samanslåing, har den største eigaren i Fjord1, fylkeskommunen, vurdert om dei skal selje seg ut av eller ned i selskapet.

Begge selskapa var einige om at samanslåing ville ha vore eit gode. Men dei vart ikkje samde om korleis selskapa skulle verdsetjast, og dermed kva som var styrkeforholdet dei i mellom. I dag fortel Løyning at usikkerheita rundt eigarskapet gjorde ein fusjon enno meir utfordrande.

– Vi veit ikkje kven som blir sittande med den største posten hos den andre parten. Det vart eit usikkerheitsmoment, seier Løyning.

Vurderer ikkje andre samarbeidspartnarar

Han vedgår også at det kunne vore eit alternativ for dei å kjøpe Fjord1. Om dei berre hadde hatt råd.

– Det har vi ikkje akkurat no, seier Løyning.

Ser de no på andre transportselskap etter samarbeidspartnarar?

– Eg har ikkje nokon direkte kommentar til det, men det er ikkje naturleg naturleg å starte på noko nytt no, når vi nettopp har avslutta ein slik prosess, seier Løyning.

Tek fusjonsstopp til etterretning

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes representerer den største eigaren til Fjord1. Ho tek til etteretning at fusjonsplanane har stranda.

Åshild Kjelsnes

iNGEN KONSEKVENSAR: Fylkesordførar Åshild Kjelsnes, trur ikkje det får nokon konsekvensar for eit eventuelt sal av Fjord1, at fusjonsplanane no har stranda.

Foto: Marianne Rotihaug / NRK

– Eg tykte det var eit forretningsmessig interessant spor. Men det er no sjekka ut, seier ho.

– Kva konsekvensar får dette for eit eventuelt sal av Fjord1?

– Eg kan ikkje sjå at dette har nokon spesielle konsekvensar. Fjord1 er eit solid selskap, som står godt på eigne bein. Men slik eg ser det, er det viktig å vere offensive med tanke på å utvikle selskapet.

– Ikkje eit endeleg punktum

Det er ikkje klart kor tid det vil kome fram noko konkret om eit eventuelt sal. I mellomtida seier begge selskapa at dette ikkje betyr noko endeleg punktum for samarbeid dei i mellom.

Reidar Sandal

IKKJE PUNKTUM: Styreleiar i Fjord1, Reidar Sandal, trur ikkje endeleg punktum i soga om Fjord1 og Norled er sett.

Foto: Tone Lin Støfring / NRK

– Punktum er eit sterkt språkteikn. Eg kan vere med på at det kan vere eit komma, kanskje eit semikolon, men ikkje noko meir, seier styreleiar i Fjord1, Reidar Sandal.

– Det er ikkje slik at framtidige moglegheiter blir brotne, sjølv om vi ikkje vart einige denne gongen, seier styreleiar i Norled, Ingvald Løyning.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå