Hopp til innhold

Eigar ut mot eige vindkraftselskap: – Som utbyggar er ein jo ikkje tent med å kome i krig

Den største eigaren i det omstridde vindkraftselskapet Zephyr ber no selskapet om å roe kraftig ned måten dei har jobba på mot kommunar som kan få store vindkraftanlegg.

Ole Haabeth, har på seg lyseblåskjorte, snakker i telefonen, et Norgeskart med farger i bakgrunn

KRITISK: Fylkesordførar i Østfold, Ole Haabeth, meiner at Zephyr må roe ned på måten dei har jobba mot aktuelle vindkraftkommunar.

Foto: Lotte Jessa Olsen/NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Østfold fylkeskommune eig gjennom Østfold energi 50 prosent av aksjane i Zephyr som ønskjer å bygge ut store vindkraftområde over heile landet, blant anna på Vestlandet.

Dette har ført til massive protestar frå vanlege folk og frå ordførarar i fleire kommunar, som føler at dei er overkøyrde av utbyggaren.

14. november sende fleire ordførar eit brev der dei bad eigarane av Zephyr om å ta grep.

Forventar at det blir tatt opp

No går fylkesordføraren i Østfold, Ole Haabeth (Ap), hardt ut mot fylkeskommunen sitt eige selskap for måten dei har jobba på rundt om i landet.

– Om ein ønskjer å få bygd ut vindkraft, og det trur eg at ein treng å gjere i Noreg, så må ein ha ein aksept lokalt om dette skal lukkast. Eg har ikkje tru at ein skal gjere slikt mot kommunestyra sine ønskjer og vilje, seier Haabeth.

Han har tatt dette opp med leiinga i Østfold energi og han forventar no at dei tar dette vidare til Zephyr via sine representantar i styret.

– Vi har tatt opp med leiinga i vårt selskap at Zephyr, som dette gjeld, bør opptre i samarbeid med kommunane og ikkje motarbeide kommunane, slår Haabeth fast.

Demonstrasjon mot vindkraft i Høyanger

MØTT MED PROTESTAR: Slik blei vindkraftselskapet Zephyr møtt då dei kom til Høyanger før valet i haust.

Foto: Janne Kristin Bøyum / NRK

Hevda det var «fake news»

Tidlegare i haust reiste representantar frå Zephyr rundt på signingsferd i dei kommunane Noregs vassdrag- og energidirektorat (NVE) meiner er best eigna for stor vindkraftutbygging.

Etter mykje press har NVE trekt tilbake denne rammeplanen, etter ordre frå regjeringa. Men før det uttrykte Zephyr at dei var overraska over den sterke motstanden mot vindkraftutbygging.

– Då eg starta med dette for eitt år sidan, så tenkte eg at eg skal jobbe med noko som alle er veldig for og alle er veldig positive til. Det blei jo ikkje heilt slik. Eg trur mykje av det ligg ein del «fake news» der ute, sa Trym Andreas Christensen i Zephyr til NRK i september.

– Ikkje tent med krig

I staden for jubelrop, blei han møtt med buing og folk i gule vestar då Zephyr kom til Høyanger.

Når fylkesordføraren i Østfold no går hardt ut mot Østfold energi og Zephyr, kan ikkje det tolkast som noko anna enn eit sterkt styringssignal frå politikarane.

– Eg håpar at selskapet opptrer i eit samarbeid med kommunane. Som utbyggar er ein jo ikkje tent med å kome i krig med dei lokale kommunane og befolkninga på staden, seier Haabeth.

Dette svarar Zephyr-sjefen

Dagleg leiar i Zephyr, Olav Rommetveit, har måndag denne kommentaren til utspelet frå fylkesordføraren:

– Vi har informert kommunane frå første stund om arbeidet vårt, og vi har takka ja til dei invitasjonane vi har fått til ulike kommunemøte og folkemøte. Regjeringa og stortingsfleirtalet har lagt opp til auka produksjon av fornybar energi i Noreg. Vi støttar fullt ut regjeringa sine signal om eit nytt konsesjonssystem som i ytterlegare grad skal ta vare på lokale interesser og nasjonale klimamål, seier Rommetveit.