NRK Meny
Normal

Eidordførar: – Vegvesenet har ikkje gjort jobben sin

Ordførar i Eid, Alfred Bjørlo, meiner jobben vegvesenet har gjort med E39 i Gloppen det siste året er for dårleg.

Gullkista, E39

DÅRLEG: Gullkista er eit av fleire dårlege vegparti mellom Sandane og Byrkjelo.

Foto: Bård Siem / NRK

Bjørlo

MISNØGD: Ordførar i Eid kommune, Alfred Bjørlo, er ikkje nøgd med arbeidet vegvesenet har gjort.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Det merkelege er at dei har sete musestille heile året utan å gjere noko. Så seier dei no mot slutten av året at dei ikkje har gjort noko som helst, det er ikkje godt nok. Dei har ikkje gjort jobben sin, meiner ordføraren i Eid Alfred Bjørlo.

Kritikken frå Bjørlo kjem etter at ordførarkollega i Gloppen, Leidulf Gloppestad, torsdag etterlyste framdrift i oppgraderinga av strekninga. Bjørlo meiner at det er oppsiktsvekkjande at ikkje meir er gjort på strekninga.

– Vi må forvente at når Stortinget seier korleis ting skal vere og statsråden opplyser Stortinget om at oppfølginga er i gang, så skjer det og noko ute i etaten.

Illustrasjon av korleis Vegvesenet ser for seg opprustinga mellom Sandane og Byrkjelo

PLAN: Vegvesenet vil ha to tunnelar på E39 mellom Reed og Sandane. Tanken er å bruke lausmassar frå tunneldrivinga til å ruste opp vegen frå Gullkista til Reed. Vegen får 8,5 meter vegbane, og gang og sykkelveg. Kostnaden er i prosjektdokumentet rekna til å vere minst 680 millionar kroner, men med sjanse for at det vert 30 prosent dyrare.

Foto: Statens Vegvesen

– Held på

Stortinget sette i fjor av ein million kroner til planlegging av utbetring av E36 mellom Byrkjelo og Sandane. Medan politikarane ser for seg mindre utbetringar, meiner Statens vegvesen at ei større utbetring av vegen er ønskjeleg for å få bort flaskehalsane.

Svenn Egil Finden i Statens vegvesen

HAR GJORT JOBBEN: Avdelingsdirektør i vegvesenet, Svenn Egil Finden, meiner etaten har gjort det den skulle.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen

Dersom ein skal gjere store utbetringar må dei inn i nasjonal transportplan fortel avdelingsdirektør i vegvesenet, Svenn Egil Finden. Han seier at dei ikkje har hatt moglegheit for å planlegge slike utbetringar, men at dei har sett på alternative løysingar.

– Vi har gjort den jobben vi meiner at skal gjerast no. No jobbar vi med å sjå på mindre omfattande løysingar, slik det er bestemt at vi skal gjere i 2016. Arbeidet med det er ikkje avslutta, men går framleis føre seg.

– I tråd med bestillinga

Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen ser gjerne at vegvesenet tar ein ny gjennomgang av ulike alternativ til ei stor oppgradering av E39 mellom Sandane og Byrkjelo, men han meiner arbeidet etaten har gjort er heilt i tråd med bestillinga frå Stortinget.

Ketil Solvik-Olsen

ENKLARE OG BILLEGARE: Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen vil høyre med vegvesenet om det er mogleg å løyse problema med mindre utbetringar.

Foto: Jane Rasmussen / NRK

– Stortinget bestilte at vegvesenet skulle sjå på ein plan for oppgradering, men så er det nokon som tolkar det til at ein skal gå rett på byggeteikningar. Det var ikkje i bestillinga, så eg meiner at vegvesenet har levert i tråd med bestillinga.

Likevel vil Solvik-Olsen at etaten tar ein ny gjennomgang av billigare alternativ til utbetring av flaskehalsane på strekninga.

– Etter dei signala eg har fått no, vil eg ta ein runde til med vegvesenet og høyre om det er mogleg å løyse problema på ein anna måte.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser