Av
Skal tru kva han hadde sagt, Eidehøvdingen, om han visste at han kom til å bli brukt som moteikon, 1500 år etter at han vart gravlagd. For det er staskleda han hadde på seg då han vart funnen i gravhaugen på Eide på Sandane som no inspirerer klesdesignarane i Moods of Norway. Det seier klesgründer Simen Staalnacke.
Suksess
Tidlegare er det bunadar og samedrakter som har sett sitt norske preg på motekolleksjonane til Stryneverksemda. Og det har karane frå Stryn hatt knallsuksess med. Klesmerket er etablert i London, Dubai, Paris og andre storbyar, og Ari Behn og Morten Abel er mellom dei som kler seg i dressane frå Stryn. I dag var Staalnacke på location for å la seg inspirere.
Vakre mønster
Då eidehøvdingen vart funnen var han kledd i raud skjorte, tettsitjande bukser, kappe av raudbrun ull, som var pynta med vakre band og vakre mønster. Og det er desse mønstera Staalnacke vil bruke. Han trur det kan vere bra med ein ekte høvding.
Godt bevarte klede
Eidehøvdingen levde på folkevandringstida, og hadde stor status då han levde. Prosjektleiar i Gloppen Kommune, Leela Kjørvik, håpar Moods of Norway si interesse vil dra fleire unge til historia bak Eidehøvdingen. Men sjølv vil ho også få dei originale tekstilane fram i lyset, for kleda til Eidehøvdingen var utruleg godt bevarte då dei vart funne.
Og no blir Eidehøvdingen truleg ein av dei få som får seg ny dress 1500 år etter at han døydde.