Hopp til innhold

Eidarane seier ja til kommunesamanslåing

56 prosent av dei som har røysta i Eid seier ja til samanslåing med Gloppen kommune. 39 prosent har røysta nei, og fem prosent røysta blankt.

Teljekorpset i Eid

SEIER JA: Fleirtalet av innbyggarane i Eid seier ja til samanslåing med Gloppen.

Foto: Harald Kolseth / NRK

– Det eg er veldig godt nøgd med, er at vi har fått eit eintydig råd frå innbyggarane på at eidarane seier ja, seier Alfred Bjørlo, som er ordførar i Eid.

Allereie då førehandsrøystene var talde opp, like etter at det siste røystelokalet i Eid stengde dørene, var tendensen klar. 69 prosent av dei som hadde førehandsrøysta, sa ja til kommunesamanslåing, medan 28 prosent var i mot.

– Ja, det gjorde det, men så jamna det seg litt ut då det endelege valresultat kom. Det samsvarte meir med den innbyggarundersøkinga som vi og har gjennomført. Slik at eg trur vi har fått eit ganske klart bilete av kva innbyggarane i Eid meiner, seier Bjørlo.

Nei i Gloppen

Men i nabokommunen Gloppen er dei ikkje like interesserte i samanslåing. Der har 50,82 prosent av innbyggarne sagt nei til samanslåing med Eid.

Alfred Bjørlo

FEKK KLART SVAR: Alfred Bjørlo (V) er ordførar i Eid.

Foto: Harald Kolseth / NRK

– Det var vel mange som hadde spådd eit slik utfall på førehand. I alle fall at det skulle verte svært jamt i Gloppen, seier Bjørlo.

Han vil no vente på kva politikarane i Gloppen vil konkludere med ut frå resultatet av folkerøystinga.

– Eg tykkjer det synd i forhold til Eid, som gjerne vil ha samanslåing. Personleg hadde eg ynskt eit ja, og som politikar hadde eg ynskt meg eit tydlegare svar, seier Magni Aa Berge, som er ordførar i Gloppen.

– Dette er ei rågjevande folkerøysting. Opnar du for omkamp eller er eit fleirtal eit fleirtal?

– For meg er det heilt opplag; Eit fleirtal er eit fleirtal, seier Aa Berge.

Andre alternativ

– Eid må no vurdere kva vi skal gjere med den situasjonen som no har oppstått, seier Bjørlo.

På torsdag skal dei ha møte i kommunereformutvalet og formannskapet.

– Der må vi no diskutere vegen vidare, dersom politikarene i Gloppen konkluderer med eit nei. Men det må politikarane i Gloppen få lov å tenke på, seier Bjørlo.

– Kva med Stryn?

– No må vi frå Eid si side tenke oss om kva vi skal gjere. Så skal Stryn ha både folkerøysting og innbyggjarundersøking om sitt alternativ, som er gå mot Hornindal og Volda. Her må vi vente på kva som kjem ut av den prosessen, seier Bjørlo.