Hopp til innhold

Eid vil slå seg saman med Selje

NORDFJORDEID (NRK): Eid seier ja til invitasjonen om å prøve å slå seg saman med Selje. Det vedtok eit samrøystes formannskap i Eid på eit ekstraordinært møte i føremiddag.

Alfred Bjørlo

BLID: Ordførar Alfred Bjørlo (V) i Eid leia det ekstraordinære formannskapsmøtet der dei i føremiddag sa ja til invitasjonen frå Selje.

Foto: Josef Ness Tveit / NRK

– Vi har hatt opne dører til alle som vil snakke med oss, så når Selje no tok initiativ og samtidig peikte på Eid som eit naturleg kommunesenter, har det vore svært positivt mottatt i det politiske miljøet, seier ordførar i Eid, Alfred Bjørlo.

LES OGSÅ: Selje vil ha Nordfjordeid som kommunesenter

Selje vart tidlegare føreslått slått saman med Vågsøy av fylkesmannen. Men forhandlingane der havarerte. I staden vende seljeværingane seg til innfjordskommunen Eid. No seier Bjørlo at, skulle det ende med samanslåing, så vil også eidarane byrje å satse meir på kystnæringar.

– Eg tenkjer at det er ei sunn utfordring for Eid. Kystnæringane har eit enormt potensial. Vi er nær kysten og vi har allereie ein del bedrifter inne i dei maritime næringane. Og det er klart at skal vi slå oss saman med kystkommunen Selje, så må vi også, mykje tydelegare enn i dag, engasjere oss i kystsaker og kystnæringsliv, seier ein entusiastisk Alfred Bjørlo.

LES OGSÅ: Selje vil ha Nordfjordeid som kommunesenter

Vil ha med Vågsøy

Sidan Vågsøy kommune ligg midt i mellom Eid og Selje skulle ein tru at eit samarbeid også med Vågsøy skulle vere aktuelt for dei to kommunane.

– Vi ønskjer å ha Vågsøy med, og om Selje gjer eit liknande vedtak no i dag vil det gå ein formell invitasjon frå oss om å vere med i ei ny storkommune, seier Bjørlo.

– Kva skjer så om dei skulle svare nei?

– Vi i Eid er innstilte på å gå vidare med Selje uansett, men vi håper at Vågsøy blir med, seier han.

– Korleis vil eit slikt samarbeid fungere om de ikkje skal ha felles grenser?

– Er det ikkje noko som heiter «kjærlighet utan grenser», seier ein munter Bjørlo og legg til at dei ser på det som heilt uproblematisk.