NRK Meny
Normal

Eid slo serieleiaren

Tornado Måløy er ny serieleiar etter 4-0 heime mot Jølster.

Tornado Måløy-spelarar kan gle seg over tabelleiing
Foto: NRK

Eid vann 4-2 over Stryn.

Nekta Stryn den femte strake

Stryn hadde fire strake sigrar før 16. mai-oppgjeret på Nordfjordeid, men eit Eid-lag i sterk framgang nekta serieleiaren den femte strake. Dermed måtte Stryn sjå at Tornado Måløy passerte dei på tabellen.

Tornado Måløy utan tap

Tornado Måløy har no 13 poeng, Stryn har 12, Årdal har 12, Eid har 10, Førde ni, Sogndal 2 har sju, Høyang sju, Fjøra fire, Jølster tre, Kaupanger tre, Vik to og Florø null poeng. Fjøra og Sogndal 2 har ein kamp mindre enn dei andre, dei møtest måndag.

Her er målaslik dei kom i den fem kampane:

Eid-Stryn 4-2

20 minutt: 1-0. Ove Balsnes set inn ballen etter eit hjørnespark

41 minutt: 1-1. Per Ole Tenden utliknar for Stryn.

62 minutt: 1-2. Jon Terje Tjellaug gir serieleiaren leiinga på eit soloraid.

66 minutt 2-2. Thomas Starheim set inn ballen til stor jubel etter corner.

80 minutt: 3-2. Eid er i leiiinga igjen etter mål av Christoffer Hafsås.

84 minutt: 4-2. Christoffer Hafsås er frampå igjen.

Førde-Florø 2-1

32 minutt: 1-0. Steinar Tenden set inn straffespark, etter at Gisle Isene vart felt.

41 minutt: 1-1. Christer Husa utliknar på frispark.

60 minutt: 2-1. Thor Jørgen Spurkeland sende Førde i leinga igjen.

87 minutt: Vegard Kvammen på Florø må ut etter å ha fått to gule kort.

Høyang-Vik 1-1

27 minutt. 1-0. Thomas Frichsen lurer av to Vik-forsvararar på 16-meteren og set ballen i lengste hjørnet. Flott scoring.

86 minutt: 1-1. Henrik Holmberg utliknar for Vik etter at bortelaget har sett inn eit press mot Høyang.

Tornado Måløy-Jølster 4-0

13 minutt: 1-0. Eirik Holvik nikkar inn eit innlegg.

Pausereultat 1-0 til Tornado Måløy. Jølster må spele med ti mann etter at Ole Johan Skrede måtte gå av bana midtvegs i første omgang etter å ha fått to gule kort.

46 minutt: 2-0. Tornado Måløy går rett i angrep frå avspark, og Sveinung Frantzen doblar leiinga etter 20 sekund av omgangen.

75 minutt: 3-0. Erlend Nygård Kvalheim får eit gjennomspel og nettar sikkert åleien med keeper.

77 minutt: 4-0. Klikk-klakk-spel i feltet til Jølster som blir avslutta ved at Eirik Holvik set ballen kontant i mål på halv volley.

Årdal-Kaupanger 2-0

21 minutt: 1-0. Preben Strypet headar inn eit innlegg frå Bernhard Brons etter corner. Heimelaget produserte ei rekkje sjansar før målet.

Pauseresultat 1-0 til Årdal.

56 minutt: 2-0. Ørjan Stedje Ylvisåker set ballen i nota etter corner.

Kaupanger spela siste halvtimen med ni mann etter at både Ørjan Hjellhaug og Bjarte Vatlestad har fått marsjordre. Begge fekk to gule kort.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser