Hopp til innhold

Eid skjerpar rutinar for mobbesaker

Eid kommune set no inn alle ressursar mot mobbing. Det seier ordførar Alfred Bjørlo. Denne veka har kommuneleiinga i Eid beklaga overfor fleire foreldre at rektor ikkje gjorde nok i fleire mobbesaker.

Alfred Bjørlo

MOBBING: Alfred Bjørlo (V) er ordførar i Eid.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Vi vil no sørge for at mobbesaker vert tatt på alvor, seier Bjørlo.

Sjølv vart han kjend med saka like før påske då NRK tok kontakt med kommunen. Sidan den gong har kommunen brukt mykje ressursar på å få oversikt over saka, og om det var fleire saker i kjølvatnet av saka som no er kjend. Torsdag vart formannskapet orientert om kva som vert gjort frå kommunen si side.

– Dette er ei sak som eg tar svært alvorleg. Dette handlar om einskildpersonar og ungar og familiane deira som ikkje har blitt tatt nok på alvor når dei har opplevd mobbing på skulen. Det er noko av det verste ein kan oppleve, seie Bjørlo.

Ikkje stort omfang

For Bjørlo er det viktig å få fram at det som er avdekka ikkje har eit stort omfang samanlikna med andre skular og kommunar, men at det handlar om oppfølginga av dei sakene som dukkar opp.

– Det er alvorleg, og det gjer at vi no må sette alle ressursar inn på å vere sikre at ungar frå no av vert tatt på alvor, at det vert oppretta enkeltvedtak raskt og at rutinar på korleis mobbesaker skal følgast opp, blir følgde. Det er heilt avgjerande at vi blir trygge på at det no skjer i heile skulen i Eid, seier Bjørlo.

Overraska

Nyleg vart kommunestyret presentert for ein tilstandsrapport over grunnskulen i Eid. Der gjekk det fram at trivselen var god blant elevane og at det var lite mobbing i skulen. Bjørlo seier han difor var overraska då han vart gjort kjend med mobbesaka.

– Men det er klart at denne saka handlar ikkje om omfanget av eit mobbeproblem, men korleis dei mobbesakene som kjem fram vert handtert og følgt opp. Det har ikkje vi hatt god nok oversikt over. Heller ikkje som politikarar, og det var eit stort sjokk for oss å sjå at problemet var så systematisk som denne saka har synt oss, seier Bjørlo.

Blir tatt på alvor

Bjørlo seier kommunen set alt inn på at dei som i framtida melder frå om mobbing skal føle at dei vert tekne på alvor.

– Heile det politiske miljøet i Eid kjem til å jobbe tett saman med rådmann og administrasjonen og vere sikre på at vi no får gode rutinar på plass som gjer at elevar i skulen i Eid, som opplever mobbing, vert tatt på alvor med ein gong, og at rutinar vert følgde.