NRK Meny
Normal

Eid klarte nesten målet sitt

Med 1-1 borte mot Sogndal 2, tek Eid fotballferie midt på 3. divisjonstabellen med 15 poeng.

Tornado Måløy mot Eid.

Christoffer Hafsås (i midten) og Eid kom under for Sogndal 2, men kjempa til seg eitt poeng. Biletet er frå kampen mot Tornado Måløy.

Foto: Stig Høynes

Det er trenar Geir Moldestad nøgd med.

- Vi hadde målsetting om 17 poeng før ferien, og enda på 15, seier han.

To strake tap

Eid opna serien med heimetap for Jølster, men har sidan sanka jamt og trutt med poeng i løpet av årets 11 første seriekampar. Før måndagens oppgjer mot Sogndal sine nest beste stod dei derimot med to tap og 1-10 i målskilnad etter oppgjer mot Tornado Måløy og Førde.

- Før denne kampen hadde vi nokre kampar der vi fall veldig ned på arbeidsinnsats og lagmoral. Det var skuffande, men no klarte vi å reise oss att rett før sommaren, seier Moldestad.

Innbyttar utlikna

Oppgjeret mot Sogndal 2 såg lenge ut til å bli Eid sitt tredje strake tap. Kenneth Nondal gav heimelaget 1-0 kvarteret før slutt. Først på overtid dukka innbyttar Dan Jøran Hafsås opp og utlikna med sitt første seriemål for sesongen.

- Eg er veldig nøgd slik kampen utviklar seg. Kvarteret før slutt ligg vi under med 0-1, men vi klarer å løfte oss, trykker på og skaper fleire sjansar til å avgjere det. Då var det godt å sjå at det gjekk inn tre minutt på overtid, seier Moldestad.

Hard jobbing betalte seg

Heimelaget hadde ballen mest, men Moldestad meiner disiplane hans var ryddige bakover. Eid hadde budd seg godt til oppgjeret mot Sogndal 2.

- Det var varmt og vi møtte ein god motstandar. Vi jobba mykje med å motivere spelarane til knallhard jobbing. I dag såg vi ein heilt annan arbeidsinnsats enn dei siste to-tre vekene. Då er det kjekt at det betaler seg på ein slik måte, seier han.

I tillegg til Tomasz Grabowski, hadde Sogndal 2 med seg Anders Stadheim, Ulrik Flo og Valtter Laaksonen frå 1. divisjonslaget.

Vegopning på Bergum i Førde kommune