Hopp til innhold

Skattereform kan gje Eid 15 nye arbeidsplassar

Finansminister Siv Jensen (Frp) si reform av skatteoppkrevjarfunksjonen kan gje Eid kommune 15 nye arbeidsplassar.

Nordfjordeid

NYE ARBEIDSPLASSAR: Dersom Stortinget går inn for det, vil Skatteetaten etablere 15 nye arbeidsplassar i Eid kommune som skal bekjempe økonomisk kriminalitet.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Fylkesleiar i Frp, og gruppeleiar i Eid Frp, Lars-Svein Drabløs, er svært nøgd med framlegget frå partifelle og finansminister Siv Jensen.

– Det som står att er at dette må igjennom i Stortinget, så eg håpar at KrF og Venstre følgjer opp og gjer det til ein realitet, seier han.

– Sterkt fagleg miljø

Norge har i dag eit nasjonalt skatterekneskap og IT-system som nyttast av alle skatteoppkrevjarane. Innsatsen for å avdekkje arbeidslivskriminalitet og skattesvik føregår i dag i kvar einskild kommune.

No vil finansministeren koordinere og samordne innsatsen mot økonomisk kriminalitet. Det skal bli færre kommunale kemnerar, men sterkare fagleg miljø og koordinering.

Ny fylkesleiar i Frp, Lars Svein Drabløs.

NØGD: Fylkesleiar i Frp, Lars-Svein Drabløs, er nøgd med at Eid får eit fagleg sterkt miljø innan Skatteetaten.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

For Eid betyr det 15 nye arbeidsplassar.

– Eg er glad for at vi innan skattekontoret får eit sterkt fagleg miljø. Statlege arbeidsplassar vil vere med å byggje eidasamfunnet vidare, seier Drabløs.

Blir henta inn

Framstegspartiet har gått til val på å avbyråkratisere og redusere administrativ forvaltning. Det betyr at dei 15 nye arbeidsplassane Eid får, kjem frå andre kommunar. Men kvar er førebels uvisst.

– Det er nye arbeidsplassar som må hentast inn, seier Drabløs og tykkjer etableringa i Eid vil vere eit godt bidrag til å nytte skattebetalarane sine pengar meir effektivt.

Dei nye årsverka nyttast til auka arbeidsgjevarkontroll, noko regjeringa ser på som heilt naudsynt for å avdekkje bruk av svart arbeidskraft og tilhøyrande kriminalitet.

– Eit godt eksempel

Lokallagsleiar for Høgre i Eid, Eli Førde Årskog, seier at dette viser at det er mogleg å effektivisere og byggje sterke fagmiljø utan at funksjonane vert sentraliserte ut av fylket.

– Dette er eit godt eksempel på korleis vi byggjer lokale fagmiljø med regionalt ansvar, samstundes som vi sparar pengar på å utføre tenestene meir effektivt. Dette er eit kjempeviktig løft for Eid kommune, seier ho.