Overgangen er ikkje stadfesta av partane, men nytt klubb-byte betyr ny økonomisk gevinst til moderklubben Eid, seier leiar i fotballgruppa Nils Taklo.
- Men eg er fullstendig klar over at det ofte er spekulasjonar kring spelarar på Azar Karadas sitt nivå, så vi har sjølvsagt is i magen, seier Taklo.
5 % av overgangssummen
Eid sat igjen med omlag 350 000 kroner då Karadas vart selt frå Rosenborg til Benfica i fjor sommar.
Klubben får 5 % av overgangssummen som såkalla solidaritetsmidlar, så nye klubbskifte i åra som kjem vil vere god butikk for moderklubben Eid.