Hopp til innhold

Eid er i leinga i klassequizen!

Quizgeneral Aleksander Åsnes reiser fylket rundt for å finne ut kven som er dei smartaste tiandeklassingane. Vinnarskulen får representere Sogn og Fjordane i den nasjonale finalen.

Klassequizdeltakarar

KREVJANDE: Spørsmåla i Klassequizen kan vere ganske vanskelege, her konsentrerer elevar ved Kvåle skule i Sogndal seg for å svare riktig.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Eid er så langt det einaste laget med 12 poeng, men både Vassenden, Kvåle, Feios og Stryn har sikra seg 11 av 12 rette.

– Vi har mange ungdomsskular i dette fylket, både store og små. Eg skal besøke 25 av dei 26 kommunane i Sogn og Fjordane, så eg får sett mykje på desse vekene, seier Åsnes.

Til saman skal han besøke 36 skular i heile fylket, og treffe dei smartaste tiandeklassingane på sitt trinn. Kvar skule er representert av tre elevar, og begge kjønn skal vere med på laget.

– Eg er imponert over kor mykje tiandeklassingane kan. Mange av spørsmåla er ganske vanskelege.

Som tidlegare år blir det sluttspel mellom dei laga som får flest poeng. Laga skal tippe vekta på ein hemmeleg gjenstand Aleksander har med seg. Står to lag likt, vil laget som er nærast rett vekt gå framfor når det skal avgjerast kva lag som skal vere med i sluttspelet.

Resultata så langt:

  1. Eid ungdomsskule 12 poeng
  2. Kvåle skule (Sogndal) 11 poeng
  3. Vassenden skule (Jølster) 11 poeng
  4. Feios skule (Vik) 11 poeng
  5. Stryn ungdomsskule 11 poeng
  6. Tangen skule 10 poeng
  7. Hyllestad skule 10 poeng
  8. Aurland barne- og ungdomsskule 9 poeng
  9. Høyanger skule 9 poeng
  10. Kaupanger skule 9 poeng
  11. Gloppen ungdomsskule 9 poeng
  12. Skei skule 9 poeng
  13. Farnes skule 9 poeng
  14. Selje skule 9 poeng
  15. Leikanger 9 poeng
  16. Svelgen skule 9 poeng
  17. Davik skule 9 poeng
  18. Lavik skule 8 poeng
  19. Halbrend skule (Førde) 8 poeng
  20. Fjaler ungdomsskule 8 poeng
  21. Sande skule: 8 poeng
  22. Hyen skule: 8 poeng
  23. Olden skule (Stryn) 8 poeng
  24. Dalsøyra skule 8 poeng
  25. Sagatun skule (Balestrand) 8 poeng
  26. Luster ungdomsskule 8 poeng
  27. Byrknes skule 7 poeng
  28. Hafslo barne- og ungdomsskule 7 poeng
  29. Lærdalsøyri skule 6 poeng
  30. Vågsøy ungdomsskule 6 poeng
  31. Askvoll skule: 6 poeng
  32. Stadlandet skule 6 poeng

Det er mogleg å få 12 poeng.

Full pott på Eid

På Eid ungdomsskule fekk nemleg elevane Ivar Engeland, Trond Løviknes og Sunniva Flaten Brekke full pott då dei var med.

Aleksander Åsnes

REISANDE ALEKSANDER: Aleksander Åsnes skal vitje dei fleste krikar og kroker i Sogn og Fjordane på reisa rundt på Klassequizen 2017.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

– No trur eg i alle fall vi er sikre på å kome med i finalen, sa Ivar Engeland etter at quizen var ferdig.

Høyr sendinga frå Stryn:

Høyr sendinga frå Hyllestad:

Høyr sendinga frå Lavik her:

Høyr sendinga frå Selje her:

Høyr sendinga frå Aurland her:

Høyr sendinga frå Halbrend her:

Høyr sendinga frå Eid her:

Høyr sendinga frå Askvoll skule her:

Høyr sendinga frå Gloppen ungdomsskule her:

Høyr sendinga frå Kaupanger skule her:

Høyr sendinga frå Sande skule her:

Høyre sendinga frå Kvåle skule (Sogndal) her:

På Sande skule enda elevane opp med ni poeng, men dei var fornøgde med det og.

– Det kunne jo gått endå betre, men eg er ganske fornøgd, sa Karita Søgnen Haugsbø.

Deltakarar på Klassequizen i Vågsøy

SPENTE: Deltakarane på Vågsøy ungdomsskule var spente før dei skulle vere med på Klassequizen. Korleis det gjekk med dei kan du høyre i morgonsending torsdag 12. januar.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Høyanger skule var endå eit strå kvassare enn Sande, og klarte å kare med seg ni poeng.

Reiser rundt i heile fylket

Og dette er berre starten på ein lang turné for quizmaster Aleksander Åsnes. Først måndag 20. mars er han ferdig med den innleiande runden. Då står skule nummer 36, Førde ungdomsskule, for tur.

– Når eg er ferdig med Klassequizen har eg vore i alle kommunane i fylket, og eg har nok heilt sikkert fått sett nokre plassar som eg ikkje har sett før, seier Åsnes.

Før den tid har han vore mellom anna på Stadlandet i nordvest, Byrknesøy i sørvest, Hornindal i nordaust og i Øvre Årdal i søraust. Det er berre nokre få ungdomsskular i Sogn og Fjordane som ikkje er med denne gongen.

Sande skule

FØRST UTE: Sande skule i Gaular var den første skulen i Klassequizen 2017. Frå v. Karita Søgnen Haugsbø, Elise Lervik og Thomas Takle Henriksen

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Som tidlegare år blir det sluttspel mellom dei laga som får flest poeng. Alle laga skal tippe vekta på ein hemmeleg gjenstand Aleksander har med seg. Står to lag likt, vil laget som er nærast rett vekt gå framfor når det skal avgjerast kva lag som skal vere med i sluttspelet.

Pengar i klassekassa

Fylkesvinnaren får 5000 kroner til klassekassa, i tillegg betalar NRK tur og opphald for laget og læraren når landsfinalen skal avviklast i Oslo i mai. Dei laga frå Sogn og Fjordane som har vore der fortel om veldig kjekke dagar, sjølv om ingen av dei har nådd heilt opp i konkurransen.

I fjor var det Førde ungdomsskule som representerte Sogn og Fjordane i landsfinalen, som vart send på TV, på NRK1.