Hopp til innhold

Ei veke att til EM på heimebane - no er han blitt endå sterkare

Sindre Rørstadbotten trur ikkje han kunne hatt betre opplading til EM på heimebane om ei veke. No går han med styrka sjølvtillit inn i dei siste førebuingane.

Sindre Rørstadbotten set ny personleg rekord med 145 kilo i rykk

NY PERS: Sindre Rørstadbotten ser med glede fram mot EM på heimebane. Også fleire av dei andre utøvarane frå Tambarskjelvar har sett ny personlege rekordar like før EM.

– Det kjennest alltid godt å sette ny personleg rekord. Spesielt i rykk der eg har fått lite utteljing før. Styrken min tilseier meir, så det er herleg å kjenne at det byrjar å losne no, seier Sindre Rørstadbotten.

Under treningsøkta fredag klarte han 145 kilo i rykk, ny personleg rekord med god margin. Han prøvde seg også på 147 kilo, men det gjekk akkurat ikkje.

– No sit eg med ei blanda kjensle av å vere nøgd og litt misfornøgd. Så då er eg svolten på å klare det neste gong, seier vektløftaren ivrig.

Fornya sjølvtillit i heile laget

Å legge inn ein formtopp no er kalkulert frå hans side, sidan EM på heimebane nærmar seg med stormskritt. 10.–16. april kjem dei sterkaste kvinnene og mennene i Europa for å måle krefter i Sunnfjord. Fem av dei representerer Tambarskjelvar IL og er verkeleg på heimebane når det brakar laust. Rørstadbotten trur ikkje han kunne fått ei betre oppkøyring.

Gunnar Reiakvam

NORSKE REKORDAR: Trenar Gunnar Reiakvam meiner det skal litt til for å hamle opp med Europaeliten som kjem på besøk om ei veke. – Det kan bli gode plasseringar, som syner at vi gjer dei rette tinga, sjølv om vi ikkje er heilt i europatoppen.

Foto: Elias Engevik / NRK

– Klart det skapar sjølvtillit å setje pers på trening. Eg har brukt mykje tid på å bli betre, så det passar veldig bra at det skjer no like før EM.

Trenar for laget, Gunnar Reiakvam, let seg også imponere over framgangen som alle utøvarane frå Tambarskjelvar ser ut til å ha like før EM.

– Spesielt dei to siste vekene har dei fleste kome i godt slag. Mange har sett personlege rekordar på trening, fortel trenaren.

Trur på gode resultat

Sjølv om dei løftar tyngre og tyngre, så trur Reiakvam at vegen heilt opp til toppen i meisterskapen blir for tung.

– Å ta medalje trur eg ikkje vi kan håpe på, for det er mange som er veldig sterke. Men dei kan setje norske rekordar, og det er kjempebra det og. Kjem ein midt på treet i dette selskapet, så må ein vere fornøgde.

Rørstadbotten fekk EM-billetten i siste liten, men meiner at framgangen siste tida syner at han fortener plassen og har prioritert riktig i høve trening og stemnedeltaking. No ser han med glede fram mot årets store mål.

– Hadde eg klart å rykke 145 kilo i EM så er eg knallfornøgd. Så ynskjer eg å bikke 190 i støyt. om kroppen utviklar seg som den gjer no, så bør det vere innanfor, meiner vektløftaren.