NRK Meny
Normal

Sjå TV-intervjuet med lensmannen: - Det har vore ei tøff veke

Regionlensmann Åge Løseth er politimannen som har ansvaret for å finne svara i trippeldrapssaka i Årdal. Sidan ugjerninga skjedde har han brukt all si tid på å etterforska drapa.

Regionlensmann Åge Løseth er politimannen som har ansvaret for å finna svara i trippeldrapssaka i Årdal.
Sidan ugjerninga skjedde har han brukt all si tid på å etterforska drapa.
Løseth seier det har vore ei tøff veke.

SJÅ VIDEO: Regionlensmann Åge Løseth har hatt ei tøff veke. Foto/Redigering: Arne Stubhaug.

– Det pregar oss alle. Sjølv om du har mange års erfaring i politiet, så kjenner vi det, fortel Åge Løseth, regionlensmannen som har ansvaret for trippeldrapssaka i Årdal.

Men Løseth fortel at dei må prøve å distansere seg frå det og ha fokus på det dei skal, nemleg finne ut kva som har skjedd.

Det var på måndag ettermiddag det uverkelege skjedde på Valdressekspressen på veg frå Årdal.

Ein mann i 30-åra drap bussjåføren og dei to andre passasjerane som var ombord på bussen. Han er framleis ikkje avhøyrd i saka og politiet arbeider framleis med å skaffe informasjon i saka.

Tragedia i Årdal går sterkt innpå folk i heile landet, men også politiet som har jobba tett på saka.

– Årdal er eit lite samfunn, og det som har skjedd her pregar oss sterkt, også oss politifolk, fortel Løseth.

Han seier at den store utfordringa no er å ivareta omsynet til alle dei pårørande og Årdalsamfunnet på ein god måte.

Løseth fortel også om korleis han sjølv vart varsla om busskapringa. Det var etter ein telefon frå ein NRK-journalist at han vart merksam på kva som skjedde på Valdresekspressen.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast